Gå til innhold
Annonse

Nytt funn: Berggylt frå sør og nord er ikkje i «slekt»

Berggylt er den største av leppefiskane, og er populær som reinsefisk i oppdrettsanlegg.  Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
Berggylt er den største av leppefiskane, og er populær som reinsefisk i oppdrettsanlegg. Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Flytting av fisk til bruk i oppdrettsanlegg kan klusse med det.

Annonse

Artikkelen under er henta frå Havforskningsinstituttets nettside: 

Frå før av visste forskarane at den beslekta arten grøngylt deler seg i to bestandar nord og sør for Jæren. Den vetle leppefisken kan nemleg ikkje bygge reir på dei lange strekka med sand. 

No har forskarane vist at den same grensa også deler berggylt i to «slektstre».

– Vi har samanlikna genmaterialet til 1025 berggylter frå ulike stader i Norge, Sverige og Spania. For den skandinaviske fisken finn vi eit tydeleg skilje ved Jæren, seier forskar Gaute W. Seljestad.

– Denne fisken bygger ikkje reir, men er avhengig av hard botn med forhøgningar, som stein, til å klistre fast egga sine. Dette er det lite av på dei lange strekka med sandstrender på Jæren, som truleg er årsak til delinga.

«Slektstre» for berggylt
Når forskarane plottar dei genetiske markørane til dei 1025 berggyltene, klumpar dei seg saman etter likskap. Majoriteten av dei nordlege fiskane er éi gruppe (oransje) medan dei sørlege er i ei anna (blå). Dei spanske fiskane skil seg endå meir frå resten i grøn. Klikk for større bilete. Kilde: HI.
«Slektstre» for berggylt Når forskarane plottar dei genetiske markørane til dei 1025 berggyltene, klumpar dei seg saman etter likskap. Majoriteten av dei nordlege fiskane er éi gruppe (oransje) medan dei sørlege er i ei anna (blå). Dei spanske fiskane skil seg endå meir frå resten i grøn. Klikk for større bilete. Kilde: HI.

Fraktar sørleg fisk over gen-grensa

Fleire millionar både sør-norsk og svensk leppefisk blir frakta nordover til område med oppdrettsanlegg. Der blir dei brukte som reinsefiskar - altså for å ete lakselus av laksen.

– Når leppefiskane har gjort jobben sin, er det mange som aldri kan gjerast greie for. Nokre har truleg rømt ved å klemme seg gjennom maskene i merden forklarar Seljestad.

Kan «vatne ut» ut lokale gen

– Då kan du få same situasjon som med rømt oppdrettslaks – at fiskane spreier genane sine i område dei ikkje høyrer heime. I verste fall kan det «vatne ut» spesielle tilpassingar hos den lokale fisken, seier han.

For grøngylt var forskarane i stand til å dokumentere at rømt fisk frå sør faktisk hadde kryssa seg inn med lokal fisk i Flatanger.

– Vi har enno ikkje studert rømming og innkryssing for berggylt, men det er sannsynleg at det skjer, sidan vi veit det er tilfelle hos grøngylt. Dette er noko vi må sjå nærmare på, seier forskaren.

Stort behov for reinsefisk – dermed også forsking

I 2019 brukte oppdrettsnæringa om lag 60 millionar reinsefisk – om lag ein tredel villfanga fisk (sjå faktaboks).

Det er den enorme auken i bruk av reinsefisk som gjer det nødvendig å finne ut så mykje som mogleg om både bestandsstatusen og biologien til dei ulike artane.

– Kunnskap er ein føresetnad for berekraftig fiskeri og forvaltning, seier Seljestad.

Resultata går inn i HI si risikovurdering for fiskeoppdrett. (Sjå Risikorapport for norsk fiskeoppdrett 2020)

Referanse

Seljestad, Gaute W., María Quintela, Ellika Faust, Kim T. Halvorsen, François Besnier, Eeva Jansson, Geir Dahle, Halvor Knutsen, Carl André, Arild Folkvord, Kevin A. Glover "“A cleaner break”: Genetic divergence between geographic groups and sympatric phenotypes revealed in ballan wrasse (Labrus bergylta)." Ecology and evolution 10, no. 12 (2020): 6120-6135. Lenke: https://doi.org/10.1002/ece3.6404

Fakta om reinsefisk:

  • Samleomgrep for fiskar som blir sett til å ete lakselus i oppdrettsmerdar.
  • I 2019 brukte oppdrettsnæringa om lag 60 millionar reinsefisk
  • 2/3 er oppdretta rognkjeks
  • Resten er for det meste villfanga artar av leppefisk: i hovudsak bergnebb, grøngylt og berggylt
  • Leppefisk blir fiska i kvoter fordelt på landsdel: Sørlandet (4 millionar), Vestlandet (10 millionar) og nord for Stad (4 millionar)
  • Det er lite oppdrett i sør, og leppefisken derfrå blir frakta til andre område.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse