Kurt Oddekalv

Oddekalv spreier slam på Aqua Nor

Aqua Nor: Kurt Oddekalv i Noregs Miljøvernforbund har møtt opp på Aqua Nor for å aksjonere mot oppdrettsnæringa. Aksjonsforma denne gongen er å spreie illeluktande slam.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit

For kort tid sidan møtte Kurt Oddekalv opp på pressesenteret på Aqua Nor for å informere om at han skulle gjennomføre ein aksjon mot havbruksnæringa klokka 1300 i dag.

På det tidspunktet ville han ikkje sei kvar aksjonen skulle føregå, men kort tid etterpå merka vi ein stank som spreidde seg over heile senteret. Det viste seg at han hadde vore å lagt frå seg ein illeluktande masse fleire stader på messeområdet. Sjølv kalla han det lukt av pengar, og dette er noko han skal fortsette med fram til oppdrettsanlegga er komen inn i lukka merder. Han seier også at Noregs Miljøvernforbund vil bruke denne aksjonsforma på Stortinget for å aksjonere mot havbruksnæringa dersom han ikkje får det som han vil.

Oddekalv sin skit

Kurt Oddekvalv spreier skit på Aqua Nor

Oddekalv spreier slam

Kurt Oddekalv har samla slam frå det han seier er eit av Lerøy sine anlegg i Hordaland