Illustrasjonsfoto av rømt regnbogeaure. Foto: F.dir.

Regnbogeaure på rømmen i Høyanger

Fiskeridirektoratet følgjer opp ei rømmingshending hjå Osland Stamfisk AS i Fuglesetfjorden i Høyanger.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Osland Stamfisk meldte 23. oktober om rømming frå lokaliteten Søreide i Høyanger kommune i Vestland. Det dreier seg om ei rekkje hol i not, sannsynlegvis forårsaka av pigghå, melder Mattilsynet i ei pressemelding. 

Selskapet driv gjenfangst i området rundt anlegget og har per 26. oktober gjenfanga 421 regnbogeaure. Omfanget av rømminga er ikkje avklart. Fisken som har rømt har ei snittvekt på i overkant av 4 kilo.

Fiskeridirektoratet vil følgje opp med inspeksjon på lokaliteten.

Osland Havbruk skriv på Facebook at natt til fredag 23.oktober, i samband med levering av regnbogeaure til slakting frå deres okalitet Søreide vart det observert fisk på utsida av nota.

- Me avslutta straks levering slik at me fekk sjekka ut kva som var årsaken. Det vart observert bitehol i notveggen, noko som er typisk skade frå pigghå. Me har følgt våre rutinar med varsling og sett ut gjennfangstgarn, og det er no observert pigghå rundt anlegget. Me har kontroll på situasjonen, men det er for tidleg å sei noko om omfanget på rømminga, men det er snakk om eit mindre antal regnbogeaure. Det er matfisk av beste kvalitet og me oppmodar folk som fiskar og melde attende til Osland Havbruk slik at me har kontroll på antal fisk som blir fiska, opplyser Geir Helge Østerbø, samfunnskontakt i selskapet. 

Ynskjer tips

For å få eit bilete av omfang og korleis fisken spreiier seg ønskjer Fiskeridirektoratet at publikum melder inn tips om fangstar til vår døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.

Mottak av fisk

Osland Stamfisk AS har oppretta mottaksstasjon på Osland Brygge som vil vere open kvardagar kl 14:00 for dei som ynskjer å levere inn regnbogeaure dei har fiska. For levering til andre tidspunkt kan ein ta kontakt på tlf: 960 16 668.