Gå til innhold
Dagleg leiar Håvard Gjelseth saman med den nye leiargruppa i Norwegian Greentech.  F.v. Oddvar Johan Roseth (bak), Algis Paulauskas, Børge Gjelseth, Kristoffer Berge (bak) og Håvard Gjelseth. Foto: NGT
Dagleg leiar Håvard Gjelseth saman med den nye leiargruppa i Norwegian Greentech. F.v. Oddvar Johan Roseth (bak), Algis Paulauskas, Børge Gjelseth, Kristoffer Berge (bak) og Håvard Gjelseth. Foto: NGT

På få år er omsetninga femdobla og Norwegian Greentech bygger no laget for vidare vekst.

Norwegian Greentech produserer plass- og energieffektive anlegg for behandling av ballastvatn. Det eigenutvikla systemet vert i stadig større grad oppdaga av marknaden som er ute etter kompakte anlegg som er enkle å drifte. Sidan 2018 er talet på tilsette i bedrifta tredobla medan omsetninga har vakse endå meir, og dagleg leiar Håvard Gjelseth seier dei forventar vidare vekst.

- Alt no i juni er vi trygge på at vi kjem til å nå budsjettert omsetning for 2021, og etterspurnaden etter anlegga våre lovar godt også for ein kraftig auke i 2022, seier Gjelseth i ei pressemelding.

Kvalitet på anlegg og service

Det gjer at selskapet omorganiserer og bygger laget for vidare vekst. 

Børge Gjelseth held fram som leiar for avdeling for sal og marknad. Oddvar Johan Roseth går inn i ei leiande stilling i prosjektavdeling medan Kristoffer Berge vert leiar for teknisk avdeling. I tillegg vert det også ei tydelegare avdeling for service- og ettermarknad som skal leiast av Algis Paulauskas. Service og ettermarked har fram til no vore organisert under teknisk avdeling.

- Vi tydeleggjer no både avdelingar og leiarskap slik at vi skal effektivisere produksjonen og gi kundane våre endå betre og meir effektiv oppfølging. 

Håvard Gjelseth peikar mellom anna på avdelinga for service og ettermarknad som ein heilt naturleg konsekvens av at det er stadig fleire anlegg frå Norwegian Greentech som er i drift på båtar over heile verda.

- Vi skal ikkje berre selje gode anlegg, vi skal også gi kundar og dei som bruker anlegga god support. Difor fornyar vi no organisasjonen slik at vi kan levere kvalitet til eksisterande og nye kundar både på anlegg og service. Worldwide service og support er veldig viktig i vår bransje. Med disse endringane styrker vi den satsinga ytterligare, både internt og i nettverk med samarbeidspartnara rundt om i verden.

I tillegg til ny organisering av selskapet vil ein også auke staben med fleire nye stillingar framover, selskapet har flytta inn i nye og større produksjonslokale og planlegg å flytte kontora til større lokale vegg-i-vegg med produksjonshallane. 

Vekst også i nye marknader

Med ny organisasjon er Norwegian Greentech rigga til ikkje berre å vekse innanfor system for behandling av ballastvatn, men også innan behandling av vatn om bord i brønnbåtar og reinsing av industrivatn, for eksempel på landanlegg i havbruksnæringa.

Norwegian Greentech sin metode med filter og UV på små og energieffektive anlegg gjer at dei kan tilpassast og brukast også i andre delar av den maritime næringa.

- Her ser vi moglegheiter, vi har fleire spennande ting på gang og har med ny organisasjon rigga oss til også å gå vidare i den retninga, skriv dei i meldinga. 

Har du en sak du
vil tipse oss om?