Gå til innhold

Rømming av regnbogeaure i Herdlefjorden i Vestland

Det har vore ei rømming hos Blom Fiskeoppdrett. Illustrasjonsfoto av rømd regnbogeaure: Fiskeridirektoratet.
Det har vore ei rømming hos Blom Fiskeoppdrett. Illustrasjonsfoto av rømd regnbogeaure: Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet har i førre veke fått melding frå Blom Fiskeoppdrett AS om rømming av regnbogeaure ved deira lokalitet Laksvika i Herdlefjorden mellom Askøy og Holsnøy, og ynskjer tips frå publikum om fangst av slik fisk i området.

Blom Fiskeoppdrett meldte tysdag om funn av hol i not ved lokaliteten der dei produserer regnbogeaure. Fisken i merden er om lag 1 kg i snittvekt. Rømmingomfanget er ikkje kjend, men selskapet planlegg teljing neste veke. Selskapet har sjølv fanga 20 regnbogeaure i sine gjenfangstgarn, opplyser Fiskeridiretoratet i ei pressemelding. 

Fiskeridirektoratet varsla før helga selskapa som har produksjon i fjorden om at det var fanga regnbogeaure i Norce si overvakingsruse ved Herdla. Det var etter dette at Blom Fiskeoppdrett fann hòl i ei av merdene sine.

Det er fanga totalt 13 regnbogeaure i overvakingsrusa dei siste to vekene.

Ynskjer tips og bilete

Fiskeridirektoratet ynskjer tips frå publikum som har fanga rømd regnbogeaure. Då det no er både vill aure og laks i fjordene, ynskjer vi òg bilete av fisken for å få avklart kva for art fangsten dreier seg om.

Gjeldande fiskereglar må følgjast.

Fiskeridirektoratet tek imot tips på døgnopen telefon 55 23 83 36.

Har du en sak du
vil tipse oss om?