Arkivfoto: Marine Harvest

Rømming fra Marine Harvest i Vanylven

Selskapet melder sjølv at det rømte om lag 2 000 laks frå Marine Harvest sitt anlegg Bjørlykkestranda i Vanylven kommune laurdags morgon.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Rømminga skjedde etter at ei not vart skada under ein operasjon på anlegget. Fisken i den aktuelle merden vart overført til brønnbåt og talt. Den har ei snittvekt på 1,8 kg.

Marine Harvest betalar 500 kroner i kompensasjon for kvar fanga fisk frå anlegget som vert levert tilbake.

All fiske må skje i samsvar med gjeldande reguleringar satt av Fylkesmannen og Fiskeridirektoratet.

Marine Harvest ser svært alvorleg på hendinga, og vil i samarbeid med Fiskeridirektoratet og leverandørar undersøke korleis skaden har oppstått.