Det har vært en rømming på Storevik lokaliteten til Flokenes Fiskefarm. Foto: Barentswatch

Rømming hos Flokenes Fiskefarm

Flokenes Fiskefarm AS melde førre veke om rømming ved lokaliteten Storevik i Førdefjorden i Askvoll kommune.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Selskapet oppdaga hol i nót i samband med ein arbeidsoperasjon 31. mars.

Omfanget av rømminga er førebels ikkje avklart. Flokenes Fiskefarm har fått 25 oppdrettslaksar i gjenfangstgarn etter hendinga. Fisken i den aktuelle merda har ein storleik på om lag 4 kg.

Fiskeridirektoratet følgjer opp saka og vil vurdere tiltak i vassdrag når omfanget av rømminga er klarlagt.

Fiskeridirektoratet ynskjer at publikum melder inn tips om fangst av rømd oppdrettsfisk til deira døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.