Illustrasjonsfoto av rømt laks. Foto: HI.

Rømt oppdrettslaks i ytre Sogn og Sunnfjord, og på Sør-Vestlandet

Fiskeridirektoratet følgjer opp vassdrag i Ytre Sogn og Sunnfjord, og på Sør-Vestlandet etter å ha motteke fleire rapportar om fangst av rømt oppdrettslaks. I begge regionene dreier det seg om rømt fisk med ukjent opphav.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fiskeridirektoratet melder at dei har fått meldingar om fangstar av rømt oppdrettsfisk i Åna-Sira, Kvina og Sokna i storleiken 1-2 kilo.

Fiskeridirektoratet har bede dei aktuelle oppdrettsselskapa i området om å sjekke sine anlegg. Ingen av desse melder om avvik som kan vere knytt til rømming.

Ytre Sogn og Sunnfjord

Fiskeridirektoratet har også her motteke tips om fangst og observasjonar av rømt oppdrettslaks. Fisken er i storleiken 3-5 kilo. Fangstane er tekne i Vadheimsfjorden, Høyangsfjorden og Sula, samt i vassdraga Gaula, Nausta og Jølstra.

Heller ikkje her kan Fiskeridirektoratet knyte førekomstane til noka rapportert hending. Aktuelle aktørar har blitt bedne om å sjekke anlegga sine også her.

Fiskeridirektoratet vil følgje opp vassdrag

På bakgrunn av meldingane om fangst og observasjonar av rømt oppdrettslaks vil Fiskeridirektoratet sørge for oppfølging av vassdrag i begge regionene. Arbeidet vil starte så snart tilhøva ligg til rette for det.

Nyttige tips

Fiskeridirektoratet vil rette ein takk til alle som så langt har meldt inn tips. Dette har gjort oss i stand til å setje i verk tiltak.

De ber publikum om å fortsetje å melde frå om fangst av rømt fisk. Alle tips kan meldast til FMC – Fiskeridirektoratets døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.

Fiskeridirektoratet vil understreke at gjeldande regelverk for fiske må følgjast.

Ønskjer skjelprøvar frå Sør-Vestlandet

Fiskeridirektoratet er også interessert i bilete av fangst og skjelprøvar av gjenfanga rømt fisk på Sør-Vestlandet. Slike prøver skal leggjast i skjelkonvolutt med følgjeopplysningar og sendast til:

Skjelprøver frå Sør-Vestlandet: Fiskeridirektoratet Region Sør, Havnegata 11, 4250 Kopervik