Foto: Tipser.

Rømt regnbogeaure i Herdlafjorden i Vestland

Det vart i helga fanga rømt regnbogeaure i Herdlafjorden. Fiskeridirektoratet ønskjer at andre som får slik fisk i området melder frå til dei.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fiskeridirektoratet fekk i helga tips frå fritidsfiskarar om fangst av regnbogeaure i nærleiken av Berlandsøyna mellom Askøy og Holsnøy.

Fiskane som vart fanga var i storleiken 3 - 4 kilo.

Direktoratet har dialog med verksemda som har produksjon i fjorden og som har fisk i aktuell storleik. Verksemda har ikkje funne avvik som skulle tilseie rømming, men gjer no nærare undersøkjingar.

Ønskjer fleire tips

For å få eit best mogleg bilde av omfang og spreiing ønskjer Fiskeridirektoratet fleire tips frå publikum om fangst av regnbogeaure i området.

Fiskeridirektoratet ønskjer også bilete av slike fangstar.

Tips kan meldast inn til vår døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.