Gå til innhold
Annonse
Arkivfoto av Sven Helge Pedersen. Foto: Therese Soltveit.
Arkivfoto av Sven Helge Pedersen. Foto: Therese Soltveit.

Sven-Helge Pedersen frå Hardangerfjord villfisklag og Gry Walle frå Fylkesmannen i Hordaland satte ut 3.700 lakseyngel i Melselva i Kvinnherad denne veka.

Annonse

Arbeidet med å berga og auka villfiskbestandane i elvane i Hordaland pågår for fullt. I går fekk nærare 3.700 yngel kjenna på livet i Melselva for aller fyrste gong, ifølge lokalavisa Grenda.

Fiskeforvalter Gry Walle fra Fylkesmannen i Hordaland her avbildet i Ådlandsvassdraget i fjor. Foto: Therese Soltveit.
Fiskeforvalter Gry Walle fra Fylkesmannen i Hordaland her avbildet i Ådlandsvassdraget i fjor. Foto: Therese Soltveit.

Sven-Helge Pedersen frå Hardangerfjord villfisklag og Gry Walle frå Fylkesmannen i Hordaland stod i sentrum av arbeidet med å sette ut yngel i elva.

– No skal vi setja ut overskotsyngelen frå genbanken i Eidfjord, både for å halda oppe bestanden og fordi det ville vore synd å øydeleggja den, opplyste fiskeforvaltar Walle, som opphavleg er frå Omvikdalen i Kvinnherad kommune.

Ho kunne samstundes fortelja at Kvinnherad er den kommunen som har levert flest fiskar til genbanken, skriv avisa.

 

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse