Frå då reiarane henta nyebåten "SAS Orion"frå FMV, Foto: Servicebåt.

Servicebåt AS mottok nybygg

Servicebåt AS overtok tirsdag nyebåten "SAS Orion" fra Fitjar Mekaniske Verksted AS (FMV) på Fitjar. SAS Orion er den andre overtakelsen på litt under ein månad frå same verft.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Så seint som tredje oktober vart også det identiske søsterskipet "SAS Virgo" overteke og satt rett i arbeid., skriv selskapet i ei pressemelding.

Gründarane bak reiarlaget frå Austevoll, Magne Hatlevik, Ståle Torsvik og Mons-Ove Hauge kunne stolt overta fartøyet på Fitjar i dag. På under 1 år har reiarlaget no satt fire fartøy i sving med oppdrag for havbruksnæringa og karane legg ikkje skjul på at dei framleis ser framover mot fleire eigne fartøy i 2017.

Les også: Tror på multifunksjonelle fartøy – utvider stadig bedriften 

Reiarlaget har sidan oppstarten i november i fjor hatt servicefartøya MS Malin og MS Tørres innleigd på chart men har no i tillegg fått to flunkande nye eigne fartøy i drift med leveransane av SAS Virgo og SAS Orion. Servicebåt AS driv godt med tenesteyting inn mot havbruksnæringa, og sjølv om det har vist seg utfordrande å få på plass langsiktige avtalar med oppdrettskundane så er alle fartøya i full sving med oppdrag for kundar. Nyebåten SAS Orion går rett i arbeid med spyling av nøter, ettersom det no er høgsesong for groe og nødvendig spyling i anlegga.

Reiarane på tur heim med den nye båten "SAS Orion". F.v Magne Hatlevik, Ståle-Torvik og Mons Ove Hauge. Foto: Servicebåt.

- Alle fartøya våre er enten heilt nye eller berre nokre få år gamle og dei er alle godt utrusta med kranar, vinsjar, notspyleutstyr, ROV og har elles gode fasilitetar for mannskap om bord. Det er viktig med godt utrusta båtar for dei oppgåvene kundane våre ynskjer oss til, men det er minst like viktig å ha gode arbeidsforhold og godt utstyr for mannskapet om bord. Gode båtar er berre nyttige med skikkelig godt og erfarent mannskap, presiserar Styreleiar i selskapet Mons-Ove Hauge.

Reiarlaget er svært fornøgd med båtane og leveransen som er gjort av FMV.

- Tett samarbeid med designar frå Heimli AS og omtrent dagleg dialog med verftet under heile produksjonen frå stålarbeid, via maling, utrustning og innreiing med eit verft rett i nabolaget har vore ein suksess som me der fram til å fortsetje med i 2017 seier dagleg leiar i Servicebåt AS, Ståle Torsvik.

SAS Virgo og SAS Orion, HFMV Type W15 Sørfonn mini klassen:

  • LOA 14,95

    Bredde 10 meter

    Dybde 3,6 m

    Mannskap 4 personer

    Sertifisering Liten Kystfart

    Fart 10 knop

  • Hovedmotorer Nogva/Scania DI13 70M

    Generatorsett Nogva Deere 4045DFM50

    Gir Nogva HC-258

    Propell Nogva N4-260-1125HS

  • Krane Palfinger PK65002

    Vinsj PMH 20 t

    Nokker PMH 2 x 3 tonn

  • Spyleutstyr MPI 5000 pumpe med 9 skivers RONC