Hugo Strand verftsleder ved Fitjar Mekaniske Verksted AS. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Skal bygge oppdrettsbåtar for 200 millionar

Fitjar Mekaniske Verksted (FMV), signerte torsdag den største oppdrettsbåt-kontrakta nokon sinne. Denne sikrar verftet og dei vel 70 tilsette, arbeid ut 2016.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kjempekontrakta er på fire oppdrettskatamaranar og har ein verdi på nær 100 millionar. Signeringa gjekk føre seg på kontoret til FMV på Fitjar, med sjølvaste ordførar Wenche Tislevoll tilstades.

- Det er stort for kommunen at de vinn kontraktar gong på gong. Det gjev optimisme for framtida. Eg vil takke for at de investerar og satsar slik, sa ei imponert Tislevoll.

- Dette er ein kjempestor dag for oss. Dette sikrar oss arbeid ut 2016, sa verftsdirektør Hugo Strand.

Asbjørn Vik i Heimli, samarbeidar med verftet og står for designet av båtane. Produsentane omtalar sjølv båtane som spyle- og arbeidsbåtar, og desse skal i hovudsak brukast i samband med notvask. Storleiken på katamaranane er 15 x 10 meter, dei er identiske og kjem alle inn under Sørfonn-serien.

- Dei tre siste månadene har me tilsaman signert avtalar på ni nye oppdretts- båtar, og eg kjenner ikkje til at andre har hatt liknande pågong. Samla har avtalane ein verdi på 200 millionar, sa den nøgde verftsdirektøren.

Magne Hatlevik, Sonja Haugland, og Ørjan Haugland frå AMGM Invest, saman med Ståle Torsvik frå ANNCA, er reiargruppa som står bak kjempekontrakta og satsar tungt på notvask.

Hatlevik fortel at dei på førhand sjekka fleire vertf og fekk fleire tilbod, men endte på FMV då dei var svært konkurransedyktige og gode båtbyggarar.

- Valutakursen og effektiviteten hos FMV gjer at me kan spare opptil 30 %, enn om me eksempelvis hadde valgt Polen. Det lønnar seg å bygge i Norge, sa Hatlevik.