Gå til innhold
Annonse
Foto: Nærings- og fiskeridepartementet.
Foto: Nærings- og fiskeridepartementet.

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik kallar inn sjømatorganisasjonane for å drøfte korleis vi kan få ned talet på lakserømmingar.

Annonse

- Vi må jobbe endå tøffare for å få ned talet på laks som rømmer. Derfor inviterer eg næringa til eit møte, for å høyre korleis vi saman kan ta tak i dette, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Den siste tida har det vore fleire rømmingar frå norske oppdrettsanlegg. Så langt i år har Fiskeridirektoratet mottatt meir enn 30 rapportar om rømmingar på totalt 280 000 laks og 2 000 regnbogeaure. 2019 ligg an til å bli det verste året for rømming sidan 2011.

- Med eit mål om null fisk på rømmen er dette ein situasjon næringa ikkje kan leve med. Eg forventar at næringa tar lærdom av desse hendingane og at dei skjerper rutinane sine. Vi har allerede strenge regler, og styresmaktene bruker store ressurser på å føre tilsyn. Men så lenge vi har fisk som rømmer, er det ikkje godt nok, seier Nesvik.

Representantar frå Sjømat Norge, Sjømatbedriftene, Kystrederiene og Norsk Industri er invitert til møtet.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse