Salmo Terra vonar å ha fisk i anlegget i løpet av neste år. Illustrasjon: Salmo Terra.

Slik vil Salmo Terra produsere laks på land

Salmo Terra planlegg eit landbasert matfisk-anlegg med ein kapasitet på 8000 tonn i Øygarden. Dagleg leiar Harald Schreiner Fiksdal fortel korleis dei vil gjere det.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Harald Schreiner Fiksdal kjem opprinneleg frå oljenæringa, men starta i 2017 lakseselskapet Salmo Terra saman med Kai Andre Stæger-Holst og Svein Egil Steen.

- Eg og mine kolleger har lenge jobba med tanken om laks på land, ettersom det er viktig å tenke nytt både innan næringa og for miljøet. For halvanna år sida fann me ut at tida var inne for å setje i gong, seier Fiksdal til Kyst.no.

Han fortel at dei i moderne landbaserte fasilitetar, ynskjer full kontroll over heile produksjonssyklusen frå smolt til slakteklar fisk på lokaliteten Eikeilen i Øygarden kommune.

- Me meiner det er viktig å vere på Vestlandet då ein har infrastruktur, den beste kunnskapen innan havbruk og det beste miljøet. Det er viktig for oss å etablere oss i eit etablert miljø der ein har kunnskapen på plass, og har gode transportmoglegheiter ut i verda, legg han til.

Gründer Harald Schreiner Fiksdal meiner lakseproduksjon på land er viktig for næringas utvikling. Foto: Salmo Terra.

Samarbeid med Gråkjær

Det var i slutten av fjoråret at selskapet leverte søknad om løyve til oppdrett av matfisk på lokaliteten. Dei planlegg fyrst etablering av seks produksjonseiningar basert på kjent resirkuleringsteknologi (RAS-1) levert av Gråkjær AS med ein kapasitet på 2570 tonn. Anlegget skal samla ha ei årleg produksjonsramme på 8000 tonn fisk.

- Me arbeider ekstremt godt saman med Gråkjær og har både aqua og entrepenøravdeling. Deira kunnskap gjer og at både fiskevelferd og alt rundt er ivaretatt, seier Fiksdal.

Fyrste byggetrinn omfattar to produksjonseiningar, og kvar av einingane vil vera plassert i kvar sitt 3000 m² store bygning. Det er planlagd å drifte anlegget med innsett av 110 gram stor smolt, med jamn og optimal temperatur på 14 gradar treng fisken omlag 260 dagar på å vekse til slaktevekt på mellom 4 til 4,5 kilo.

Fleire avdelingar

Inntak til anlegget vil bestå av smoltgrupper på 51 000 stykk, som vert sett ut i eit kar og seinare vert fordelt på fleire kar.

I eit fullt utbygd anlegg vil det vere 36 slike smoltgrupper, medan dei i fyrste byggetrinn vil ha 12 grupper.

Anlegget planlegg inntakspunkt for sjøvatn på 70 meters djup like vest for Husholmen. Sjøvatnet vil bli reinsa og desinfisert med både UV- og ozonbehandling.

- Tre bærebjelkar

Utslepp av reinsa vatn frå anlegget er planlagd lagt ut på omtrent 16 m djup i Husholmsundet nord for anlegget.

I søknaden peiker dei på at eit nytt landbasert matfiskanlegg vil ha dei beste moglegheiter for å sikre ein berekraftig produksjon av laks og aure, utan at dette medfører verken auka smittepress av parasittar eller sjukdom på omgjevnadene.

-  Anlegget vil også gje samfunnsmessige positive ringverknader, både med omsyn til lokale arbeidsplassar, og miljømessige positive ringverknader ved at det vert nytta best tilgjengeleg teknologi.

Slammet frå anlegget skal omgjerast til gjødsel eller energi.

- Prosjektet har tre viktige bærebjelkar. Den eine er fiskevelferd, det får vi kontroll på i dette anlegget. Så er det viktig at me ikkje forureinar og tenkjer på miljø, det gjer me. Den tredje er at ein får eit premium produkt, seier han.

- Innan fiskevelferd er det mellom anna ein svært viktig faktor at det ikkje er noko moglegheit for kontakt mellom lus og fisk ,så fisken har det fint og slepp behandling. Konseptet fjernar årsakene til ein del utfordringar, legg Fiksdal til.

Vært behandla hjå Fylkeskommunen

Saken er no ute på høyring hos sektormyndigheitene. Per no manglar Fylkeskommunen i Hordaland svar frå Fylkesmannen og Mattilsynet før dei kan gjere vedtak i saka. Desse regner dei med er rett rundt hjørnet.

Når det gjeld kostnaden på eit fullskala anlegg, og om det blir dyrt kommenterer Fiksdal ikkje dette.

- Me hadde nyleg ein liten emisjon som gjekk fint.

- Me ser at me med fullskala anlegg, fint kan produsere ein fisk til ein konkurransedyktig formål. Me har rekna så mykje på dette at det er me sikre på, slår han fast.