Erlend Løvold (t.v) og Michal Hestenes Nygård er glade for at Even Halås Søreide og Daniel Førde frå Sordalgruppen AS delar deira ambisjonar om å satse vidare lokalt på gjenfangst av rensefisk.

Sordalgruppen kjøper opp gjenfangstspesialist

Sordal Aqua Service AS har slått seg opp på gjenfangst av rensefisk dei seinare åra, og med oppkjøpet av Nygård Maritim Service AS sikrar bedrifta seg no ny unik kompetanse.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Nygård Maritim Service AS vart etablert i juni 2020 etter fleire års drift som enkeltpersonføretak. Selskapet har sin heimebase på Flatraket i Stad kommune, og har spesialisert seg innan gjenfangst med teiner med fiskeoppdrettsnæringa som marknad. Det var denne kompetansen som freista eigar og dagleg leiar Even Halås Søreide i Sordalgruppen AS / Sordal Aqua Service AS.

- Michal Hestenes Nygård i Nygård Maritim Service AS har ein heilt eigen metode for gjenfangst av bergnebb, bergylt, labrus og anna rensefisk som har vist seg å vere svært effektiv og skånsam. Sjølv er vi gode på gjenfangst av rognkjeks, så for oss i Sordal Aqua Service AS var dette ein kompetanse som det var attraktivt å få inn som ein del av vårt tenestetilbod. Vi er derfor svært glade for å ha kome i mål med dette oppkjøpet, melder selskapet i ei pressemelding. 

Michal Hestenes Nygård (t.v) og Even Halås Søreide er begge godt nøgde med Sordalgruppen sitt oppkjøp av Nygård Maritim Service AS. For Søreide og Sordalgruppen sin del betyr oppkjøpet eit utvida tenestetilbod til fiskeoppdrettsbransjen.

Stor interesse

Hestenes Nygård fortel om stor interesse frå aktørar i bransjen. Årsaka til at han no valde å selje til Sordalgruppen er lokal tilknyting og ambisjonar om vekst og utvikling i det som tidlegare var Sogn og Fjordane fylke.

- Vi fekk fleire tilbod, men for meg var det enkelt å velje Sordalgruppen. Vi har eit sterkt ønske om å vere lokalisert i Måløy-regionen og kunne utvikle oss her, ein ambisjon som vi raskt fant ut at vi delar med Sordalgruppen. No når vi har blitt del av eit større konsern får vi og tilgang til eit større nettverk og ei større oppdragsmengd, noko vi ser på som udelt positivt.

Breitt tenestetilbod

Hestenes Nygård fortset i stor grad drifta som før på same båt og med same utstyr, og vil i tillegg til gjenfangst mellom anna kunne tilby bemanning ved avlusing og levering av fisk. Søreide har tru på at investeringa vil gje ein boost til Sordal Aqua Service AS, som har hatt god vind i segla heilt sidan oppstarten i juni 2017.

- Vi har besøkt omlag 60 anlegg langs kysten frå Trondheim i nord til Flekkefjord i sør, og leverer døgndrift under avlusing, gjenfangst, ROV-inspeksjon, notvask og andre operasjonar ved oppdrettsanlegg. Med Hestenes Nygård og dei lokale ressursane han har tilgang til med på laget blir tenestetilbodet vårt no enno betre og breiare. Så vi ser lyst på utviklinga som har vore i selskapet i 2021, og meiner vi står godt rusta til å tilby attraktive tenester til fiskoppdrettsnæringa også i åra som kjem.