Erlend Waatevik i Bergen. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Spår 30 % auke i reinsefisk-kapasiteten

Reinsefisk-nestor Erlend Waatevik spår oppimot 40 millionar oppdretta lusebeitarar i laksemerdane i år.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Waatevik frå EWA Consulting fortel at reinsefisk-produksjonen i 2017 var rekordhøg, då han estimerar rundt 30 millioner reinsefisk vart produsert. Fjorårs-produksjonen viser han til er stor då den utgjer 10 prosent av laksesmolt-produksjonen i Noreg.

30 anlegg i drift 

Waatevik fortel at det no er 37 reisenfisk-produskjonsanlegg, men det omfattar også to FoU-anlegg og fire anlegg som ikkje har hatt produksjon.

- Det var altså då rundt 30 kommersielle anlegg med produksjon i 2017, seier han.

Endringar i tilgong på reinsefisk

Waatevik trur det kjem til å verte endringar i tilgangen på reinsefisk dette året.

- Villfanga rensefisk har fått nye kvotar i 2018, som seier en sum på 18 millionar fisk totalt. Det er ein nedgang på ti millioner frå fangsten i 2017, om fiskarane held seg innanfor kvotane, illustrerar han.

Oppdrett av rognkjeks seier han derimot vil få ein auke i både produksjon og tilgong, og spår ei auke på heile 30 prosent.

- Samtidig  får ein tilgong på større reinsefisk enn før, legg han til.

- Betre kvalitet

Waatevik peiker på at det enda er uklart om nye anlegg vert etablert i 2018, men eksisterande anlegg trur han vil produsere både meir- og betre rensefisk.

- Ein vil også få betre kvalitet på fisken og større sikkerheit, samt økt kvalitetsfokus i produksjonen og sterkare fisk.

- Oppdretta berggylte har auka sin produksjon og kvalitet, men fortsatt er det ein låg produksjon, legg han til.

Produksjonskvaliteten seier han er konsekvenser og effekt av Mattilsynets offensive tiltak for å sikre betre fiskevelferd i bruken av reinsefisk.

Om ein får ei auke på 30 % reinsefisk kan det bety oppimot 40 millionar oppdretta lusebeitarar i laksemerden i 2018.

Kva dei endelege produskjonstala presist endar på for 2017, arbeidar han no med å summera.

- Eg skal halde eit foredrag på rensefisk-konferansen i Trondheim den 22 - 24. januar og då skal alle tala vera klart. Eg vil då også få alle anlegga kartfesta i eit nytt kartsystem, fortel han.

Les fleire sakar om Waatevik her: