Det er stor pågang ved Rosendal Marineservice sine lokal i Kvinnherad kommune. Her er nokre av dei ti tilsette F.v dagleg leiar Svein Arne Sæberg, Toralf Gjuvsland, Svein Jarle Mehl, Linda V. Krossøy (økonomi), Sven Syvertsen og Kjetil Skåla. Foto: Gunn-Bente Stølen/Grenda lokalavis.

Økt oppdragsmengde for Rosendal Marineservice

Dei tilsette ved Rosendal Marineservice har på ingen måte tatt sommarferie enda. For det jobbes iherdig med utrusting av 4 nye oppdrettskatamaranar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kvinnherad kommune har ein tradisjonsrik historie for båtbygging, og ved skipsbyggjarhallen i Rosendal har det vore skipsbygging i generasjonar. 

Rosendal Marineservice er det siste selskapet som har adressa si i den store arbeidshallen på 2500 kvadratmeter i Skålafjæro i Rosendal, og dagleg leiar Svein Arne Sæberg seier til Kyst.no at han er stolt av å ha arbeidsplassen sin på eit tradisjonsrikt område som dette.  

Aukning i antall tilsette og oppdrag

Bedrifta vart stifta i 2004 og har drive med opprusting og service dei seinare åra. I 2016 starta dei med oppdrag for havbruksnæringen, og i 2017 med utrusting av oppdrettsfartøy og modernisering av eldre fartøy for havbruksnæringa. Og det med stor suksess. Ettersom oppdragsmengda har auka, har selskapet tilsett fleire, og er no oppe i ti fast tilsette.

Veggane i Rosendal Marineservice er fulle av bilete med ulike båtar som er bygd opp gjennom åra i den tradisjonsrike skipsbyggarhallen, og veggen vitnar om den lange historia til bygget som har bygd og utrusta mange ulike typar fartøy etter 2.verdskrig. Foto: Therese Soltveit.

Serviceverksemda har no inne heile fire fartøy som skal utrustast for Risnes Marine Craft, og Sæberg seier at dei for tida har det svært travelt. 

- Me skal levera to oppdrettsfartøy i midten av juli til Tombre Fiskeanlegg, så no er det fullt kjør for å ferdigstille desse før me tar sommarferie, seier han, og påpeiker at dei så langt i år har hatt mykje arbeid. 

Sidan dei starta med arbeid for oppdrettsnæringa har selskapet fått ein betre og meir forutsigbar ordremengde, ifølge Sæberg.   

- Me er svært glade for at mengden oppdrag innen havbruk auker, og me ser eit stort potensial for endå meir av denne typen arbeid dei neste åra, legg han til.

Økt omsetning

Nøkkeltal for regnskapet til Rosendal Marineservice AS i 2017 og 2016:

Sæberg seier dei også kan visa til ein stor vekst dei siste tre åra, og har ein stor auke i omsetning i 2017, og går frå 3,9 millionar til 7,1 millionar. Sjå rekneskapstabell til høgre. 

- Me ser ei auke i oppdrag, og har ambisjonar om å utruste enda fleire fartøy innan oppdrettsnæringa. Da også større fartøy, seier Sæberg. 

Årsaka til at dei starta med utrusting innan oppdrettsnæringa var ein aukande etterspurnad om service og utrusting av nybygg frå oppdrettarar i Hardanger og Sunnhordland.

Dagleg leiar Svein Arne Sæberg viser Kyst.no rundt i arbeidshallen. Her ser du det eine av dei fire fartøya dei no utrustar. Foto: Therese Soltveit.

- Det er jo kjekt at me kan vera konkurransedyktige, sett mot land som Polen der mange av oppdrettsfartøya tidlegare har vorte utrusta. 

Selskapet får levert ferdig skrog i aluminium med styrehus frå Polen, som dei fullt utrustar i Rosendal.

- Me monterer alt frå motorar og maskinar, kranar, vinsjar, kompressorarar, høgtrykksspylar og elektronikken i styrehuset, til snekkerarbeid på interiørsida. Me gjer rett og slett alt utanom skrogarbeidet, fortel han.

Sæberg seier dei har en god bedding i hall og har fått på plass ein krane som kan ta opp båtar på inntil 32 tonn. 

- Me har god plass til å gjere arbeid på mange fartøy samtidig, seier han. 

Fire oppdrettsfartøy er under utrusting i Rosendal i desse dagar, to av desse skal til Tombre fiskeanlegg og to til Firda Seafood. Foto: Therese Soltveit.

Skal utrusta åtte nye båtar 

Selskapet brukar vanlegvis 12-15 veker på eit utrustingsoppdrag frå dei får skroga til levering av ferdig båt.

- Me har ein god del oppdrettsbåtar framover som skal leverast. Seks stykk i år og to til neste år. Risnes Marine er kontraktspartnar og kunden vår, og dei har avtalar med oppdretterane som dei leverer fartøya til etter me er ferdige med utrustinga.  

I haust skal to fartøy leverast til oppdrettsselskapet Firda Seafood, som er Rosendal Marineservice sin fyrste levering til denne oppdrettaren.

Rosendal Marineservice AS:

  • Rosendal Marineservice er ei moderne servicebedrift som reparerar og byggjer båtar.
  • Dei har ti tilsette og selskapet vart stifta i 2004. 
  • Dei er kjend for sin kunnskap om motor og reparerer alt frå små påhengsmotorar til innenbords motorar i arbeidsbåtar og fritidsbåtar. 
  • Eigarar av bedrifta er: Sven Vidar Syversen og Svein Jarle Mehl. 
  • Innen oppdrett gjer selskapet mellom anna: service, bunnsmøring, ombygging, reparasjonar, sertifisering og utrustar nybygg. 

Lokal arbeidskraft

Arbeidsfeltet deira strekkjer seg frå hydrauliske, mekaniske tenester til produktutvikling.

- Våre fagfolk har mellom anna bakgrunn innan båtbygging og mekanisk industri, og me utfører service på båtar og motorar i alle størrelsar, fortel Sæberg, som seier han er glad for at Risnes Marine Craft har valt å gjere utrustinga lokalt, og påpeiker at dei som selskap har bevisst valt å ha lokal arbeidskraft. 

- Alle som jobbar hos oss er nordmenn frå Kvinnherad, og me har ein fin spredning i alder. Me er glad for at me kan bidra til ei auke i antal arbeidsplassar og skapa ringverknadar i lokalsamfunnet. 

Kjetil Skåla er ein av dei ti tilsette ved Rosendal Marineservice, og fortel at han trivs godt i jobben, og beskriv arbeidskvardagen som svært variert. Foto: RMS.

Ingen sommarferie enda

Ein av dei ti tilsette på jobb då Kyst.no tar turen innom er Kjetil Skåla (35), som held på å arbeida på fartøya som skal leverast til Tombre Fiskeanlegg om få veker. 

- Det er travle dagar no, ettersom me held på å ferdigstille to fartøy før me tar sommarferie, fortel han. 

Skåla påpeiker at alle som jobbar på Rosendal Marineservice er “poteter”, og må arbeida med mykje forskjellig i løpet av ein arbeidsdag. 

- Men me trivest med dette. Eg gjer mellom anna mykje hydraulikk- og monteringsarbeid. Det er ein variert arbeidskvardag og tida går fort, seier han nøgd.