Bileta frå kamera i merd A vert oppdaterte kvart fjerde sekund. Foto: Sulefisk.

Syner fram livet i merden

Sulefisk vil gje folk innblikk i lakseproduksjonen deira, og lanserer bildeføring direkte frå laksemerda.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Sulefisk har i dag seks konsesjonar som vert drivne på fem lokalitetar. Med ynskje om å syne fram arbeidet deira, lanserte selskapet i helga ei ny oppdatering på heimesida deira.

Der kan du no sjå livebilete frå merd to på lokaliteten Kvernhusvik, som vert oppdatert kvart fjerde sekund.

Sissel Kråkås, prosjektkoordinator hos Sulefisk fortel dei har gjort store investeringar i teknologiske løysingar. Foto: Facebook/privat.

- Djupne og posisjon for kameraet vert styrt anten av driftsteknikarar ute på lokaliteten eller inne frå kontrollrommet på landbasen. Kamera har innebygde sensorar som måler temperatur og oksygenmetning i merda. Desse verdiane i tillegg til djupne og posisjon kjem fram på skjermen, opplyser prosjektkoordinator Sissel Kråkås til kyst.no. 

- Investerer i store teknologiske løysingar

Ho fortel at selskapet dei siste åra har investert i store teknologiske løysingar.

- Både med omsyn til produksjonsmateriale, HMS-tiltak og utstyr som gjev oss moglegheit til å overvake lokalitetane døgnet rundt, og viser til at dei gjennom installasjon av undervasskamera i alle merdar på dei fem lokalitetane har moglegheit til å overvake også fisken 24 timar i døgnet, forklarer ho.

- God kontroll

Livebilda frå dei ulike lokalitetane og merdane vert leda inn til landbasen, slik at dei også der kan følgje fisken frå kontrollrommet.

- Med kamera både under og over vassoverflata har vi god kontroll på kva som skjer på lokaliteten og moglegheit til å optimalisere forholda for fisken vår, legg ho til.

Prosjektkoordinatoren fortel dei har vore med på mange teknologiske nyvinningar som mellom anna har bidratt til både betre fiskevelferd, større sikkerheit for dei tilsette, positiv påverknad på ytre miljø og meir effektiv produksjon.

- Derfor synes vi det er ekstra stas å no kunne vise fram nokre av moglegheitene desse teknologiske framskritta legg til rette for og dele dette med resten av verda, opplyser Kråkås avslutningsvis.