Illustrasjonsfoto av taredyrking. Foto: HI.

Taredyrking gir truleg mindre miljørisiko enn fiskeoppdrett

Havforskingsinstituttet (HI) har levert risikovurderte råd om miljøpåverknad frå dyrking av tang og tare i norske farvatn. Rapporten er eit ledd i å utvide kunnskapen om akvakultur i forvaltninga.

Publisert Sist oppdatert

Rapporten er bestilt av Fiskeridirektoratet, og den seier noko om kva slags miljøpåverknad dyrking av tang og tare vil ha på omkringliggande miljø.

- Med bakgrunn i den aukande interessa for dyrking av tang og tare var det nødvendig med ei samla oppstilling av kunnskapen vi har om mogeleg miljøpåverknad. Vi plikter å ha best mogeleg kunnskap om dette, sjølv om denne formen for akvakultur gir generelt mindre miljøpåverknad og skil seg på den måten frå fiskeoppdrett, seier seksjonssjef Mette Remø i Fiskeridirektoratet i ei pressemelding. 

Lite erfaring

Forvaltninga veit til dømes for lite om kva slags risiko store anlegg vil kunne gi, fordi vi har ikkje erfaring med dyrking i stor skala i norske farvatn.

- Det er viktig å vere merksame på at Havforskingsinstituttet peiker på at vi manglar kunnskap om miljøeffektane frå anlegg som dyrker tang og tare, seier Remø.

Høg risiko

Havforskingsinstituttet vurderer likevel miljørisikoen som høg knytta til spreiing av gener og av framande artar. Hi antar at det utgjer same potensielle trussel som i annan akvakultur. På grunn av denne trusselen og stor usikkerheit, rår mellom anna HI til at det vert satsa på dyrking av lokale stammer eller alger som ikkje kan formeire seg.

- Anlegg som ligger tilstrekkeleg langt frå kvarandre vil kunne redusere risikoen for spreiing av framande artar. Dette gjeld for øvrig alle typar akvakulturanlegg, seier Remø.