HI tar no prøvar av 140 laks frå sju ulike oppdrettsanlegg etter fregatt-kollisjonen. Foto: Kystverket.

Tek prøvar frå fleire oppdrettsanlegg etter fregatt-kollisjon

Forskarane har kartlagt spreiing av eventuelle utslepp og skal analysere prøvar av fisk frå oppdrettsanlegg i området etter ulukka med fregatten KNM Helge Ingstad. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det melder Havforskningsinstituttet på sine sider.

Natt til torsdag kolliderte KNM Helge Ingstad og tankskipet TS Sola ved Stureterminalen i Øygarden i Hordaland. Også ein slepebåt var involvert i ulukka. 

Kystverket leiar operasjonen ved vraket. Havforskingsinstituttet er ein del av den rådgjevande gruppa knytt til denne hendinga, skriv dei på sida.

– Utsleppet etter denne hendinga ser ut til å vera avgrensa per no, seier forskingssjef for miljøkjemi ved HI, Jarle Klungsøyr. 

Laks frå sju oppdrettsanlegg

Tidleg torsdag fekk HI varsel frå Kystverket om hendinga. Basert på modellar av drivbanar, har HI tatt ut prøvar frå sju oppdrettsanlegg i nærområdet. 140 oppdrettslaks blir levert til instituttet for analyse. 

 – Vi skal undersøke om laksen har blitt forureina av utslepp frå det havarerte fartøyet, fortel Klungsøyr. 

– Vi målar innhald av flyktige, aromatiske oljekomponentar. Ut i frå dette kan vi sei om fisken har vore eksponert for forureining, og eventuelt om kvaliteten har blitt forringa.