Gå til innhold
Annonse

To Mowi-anlegg har fått varsel om redusert produksjon

Varsla gjeld to Mowi anlegg. Foto: Mattilsynet.
Varsla gjeld to Mowi anlegg. Foto: Mattilsynet.

Mattilsynet har sendt ut varsel til to oppdrettsanlegg i Flatanger og Leka i Trøndelag om at de vurderer å vedta mellombels redusert produksjon på anlegga. Bakgrunnen for varsla er langvarige luseoverskridingar.

Annonse

Det skriv tillsynet i ei melding.

Varsla gjeld lokalitet Feøyvika og Steinflesa, begge driven av Mowi. 

Selskapet har uttalerett før det eventuelt vert fatta vedtak i saka.

Om tiltaket mellombels redusert produksjon

Mattilsynet kan gi oppdrettarar som har hatt langvarige eller alvorlege lakselusproblem mellombels redusert produksjon. Perioden med redusert produksjon vil minimum gjelde for to år og dekker den neste produksjonssyklusen på lokaliteten.

Målet med verkemiddelet er å få oppdrettarane til å tilpasse drifta til smittepress, førebyggjande tiltak og kapasitet for behandling og slakting.

Oppdrettarar som får midlertidig redusert produksjon kan auke den igjen når dei har vist at dei har kontroll og klarer å halde seg under lakselusgrensa.

Oversikt over lokaliteter som har fått varsel eller vedtak om redusert produksjon p.g.a. lakselusproblemer.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse