Sulefisk har tilsett tre nye fjes i selskapet. Frå venstre; Trond Osland, Bence Cser og t.h Fredrik Netland. Foto: Sulefisk

Tre nye tilsette i Sulefisk

Trond Osland (44), Fredrik Netland (35) og Bence Cser (27) har alle nyleg starta i ny jobb hos oppdrettsselskapet Sulefisk og trives godt på øyriket Solund, der dei har busett seg. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Oppdrettsselskapet Sulefisk har tilsett Trond Osland som assisterande driftsleiar teknisk, Fredrik Netland som røktar/driftsteknikar og Bence Cser som røkter/driftsteknikar.

- Kjenner selskapet godt

Trond Osland (44) byrja som assisterande driftsleiar teknisk den 18. mai 2020, og er utdanna elektrikar. Han har mykje arbeidserfaring, blant anna frå HAFS Elektro & Rør AS og Equinor.

- Eg har vore så heldig at eg i dei 10 åra eg har jobba som elektrikar i HAFS Elektro & Rør i Solund har vore mykje på Sulefisk sine anlegg. Også tidlegare då eg jobba i Feedingsystem var eg innom oppdrettsselskapet av og til. Så alt i alt føler eg at eg kjenner selskapet ganske godt. Dessutan er Solund eit lite samfunn så også dei fleste tilsette hos Sulefisk er kjente folk for meg. Likevel er det mykje nytt å sette seg inn i når ein no er med på «innsida», fortel han til Kyst.no

Skal ta fagbrev

Oslands mål i selskapet er å forstå flest moglege parameter rundt det å drive oppdrett, både teknisk og biologisk med tanke på fiskehelse og ytre påverkingar.

- Eg ynskjer å vere med og bidra slik at Sulefisk og våre leverandørar får dei beste tekniske løysingane ilag. I framtida vil eg gjerne ta fagbrev i akvakultur og utvikle meg teknisk ved å få innsikt i leverandørane sine produkt. Dette vil gjere det lettare for meg å forstå korleis alt heng saman og korleis alt kan spelar ilag på beste måte.

Sissel Kråkås, kvalitetsleiar i Sulefisk AS seier at bakgrunnen for å ta fagbrev i akvakultur for både dei tilsette og Sulefisk er gjennom formell kompetanse å bidra til innsikt i det å utvikle og drifte eit akvakulturanlegg, samtidig som dei får ein betre forståing for samanhengen mellom produksjon, natur, teknologi og menneskeleg aktivitet.

Dagane beskriv Osland som varierte og ingen dagar har så langt vore like.

- Det er veldig kjekt å vere med på og få sjå alle dei forskjellige arbeidsoppgåvene som vert utført, både ute på lokalitetane og i administrasjonen i eit firma som Sulefisk. I tillegg til alt det nye så får eg av og til bruke litt av elektrokompetansen min. 

Trond Osland t.h og Bence Cser t.v er begge nyansatte i selskapet og trives svært godt i nye jobben hos Sulefisk. Foto: Sulefisk.

Ansvar for mange oppgåver 

Osland sine arbeidsoppgåver som assisterande driftssjef for teknisk avdeling i selskapet er på sikt føring av båtar og leie større arbeidsoperasjonar. Han vil også vere ansvarleg for at alle operative båtar og utstyr om bord er godkjent, passe på at fôringsanlegg og flåtar fungerer optimalt, vere med på eventuelle nybygg, og bidra i arbeidsplanlegging.

- Eg vil også ha ansvar for avvikshandtering og oppfølging av sikkerhetsstyringssystemet for båtane til Sulefisk, kontakt med leverandørar av teknisk utstyr (flåtar/fôringsanlegg/aggregat/hybridanlegg/båtar) og ansvar for arbeidarar på teknisk avd, fortel Osland. 

- Innovativt selskap som involverer heile familien

Etter 10 år i same jobb begynte 44-åringen å verte litt rastlaus, og fortel han var fyrst seks månadar offshore som elektrikar. Då han såg at Sulefisk søkte etter folk, ringte han kjapt til dagleg leiar i Sulefisk Michael Niesar og sa at han var interessert i jobb og ynskte å søkje. 

- Eg kjenner både firmaet og folket relativt godt og var veldig sikker på at dette var noko som ville vere kjekt å prøve og ein stad eg ville kunne trivast. Teknisk sett er Sulefisk veldig innovative og det gjer at det vert ein spennande arbeidsplass med moglegheit for å komme innom forskjellig utfordringar både tekniske og praktiske.

- Det var det heller ingen bakdel då eg fortalte heime at eg skulle skifte jobb og sonen min på 12 år svarte kontant; «Håper du skal begynne hos Sulefisk». Dette betyr nok at Sulefisk har eit godt rykte også i den aldersgruppa. Dette skuldast nok mykje at selskapet legg vekt på å involvere heile familien gjennom kjekke firmaturar og sosiale samlingar. I tillegg er eg glad i fysisk aktivitet og då er det jo eit pluss at Sulefisk-gjengen har ein del fysiske aktivitetar ilag på fritida som t.d. sykling/ fjellturar. I fjor var eg faktisk med å sykla Bergen-Voss ilag med Sulefisk sitt lag! Dessverre har Covid-19 sett ein stopper for slike aktivitetar så langt i år, men vi kjem nok sterkt igjen, seier Osland nøgd.

Erfaring med fartøy og teknisk vedlikehald

Bence Cser (27) er tilsett som driftsteknikar og røktar og starta i Sulefisk 1.juni. 27-åringen kjem opprinneleg frå Ungarn og er utdanna elektrikar. Han har jobba 2,5 år hos Vidar Hop Skyssbåter AS som matros og  med teknisk vedlikehald.

- Eg har også jobba i Lending Båtbyggeri som båtbyggjar, og i Ungarn jobba eg nokre år som tømrar etter endt utdanning, fortel han til Kyst.no.  

Cser forklarer at hadde lyst på ein forandring i arbeidslivet sitt og søkte derfor om jobb i Sulefisk.

- Eg ynskjer å utvikle meg og lære meir. Sulefisk har eitt godt opplæringssystem og man får moglegheit til å ta fagbrev etterkvart. Det er veldig motiverande for meg, seier han. 

I byrjinga inneberer jobben til Cser å delta i dei fleste prosessar for å få eit bilete av korleis firmaet fungerer.

- Det er veldig kjekt å vere med på alle disse forskjellige prosessane. Eg har mest erfaring med båtar og tekniske vedlikehald så i framtida skal eg vere mest ansvarleg for den delen, påpeiker han.  

- Sulefisk er et firma med gode rutinar og struktur så det var veldig lett å kome i gong frå dag 1. Det er ein hyggeleg gjeng som har tatt meg godt imot. Arbeidsdagane er spanande og det er generelt godt humør blant dei tilsette. Målet mitt er å vere ein ansvarleg og arbeidsdyktig person i Sulefisk-teamet. Eg vil levere godt kvalitetsarbeid som både eg og mine kollegar skal være fornøgd med, fortel Cser.

Erfaring med laks frå før

Fredrik Hallanger Netland (35) er utdanna innan hotell og restaurant fag, og er a la carte kokk. No skal han derimot arbeide som røktar og driftsteknikar hjå Sulefisk. 35-åringen starta den 1. mai og i starten så er han med på dei fleste arbeidsprosessane for å få innsyn og lære. Blant anna smoltutsetting, notskifte, spleising og knyting.

- Arbeidserfaringa mi er for det meste frå matfaget der eg foredlar og serverer mat av ymse slag. Det er her eg har mest erfaring med laks. Eg har tidlegare jobba litt på båt, både som stuert og i marinen, seier han til Kyst.no.

Dei fyrste vekene på jobb beskriv han som spanande.

- Det er mykje nytt å sette seg inn i her. Men eg tenker at da har gått kjempe fint, mine nye kollegaer har vert fantastiske, og det har forsåvidt vêret vore også, seier han med eit smil.

- Mine mål er mange i disse dagar, men eg tenkjer at hovedmåla mine er å lære mitt nye yrke og bli ein solid lagspelar på Sulefisk. Så får me sjå kva framtida har å by på, legg han til. 

- Kvifor valte du å jobbe i nettopp Sulefisk? 

- Eg er sambuar med ei frå Solund så når me prata om å flytte til øya så følte eg at Sulefisk var eit god val for meg. Eg har alltid likt meg på bølgene og laks har eg jobba med i mange år, men då på kjøkkenet. Så det å kunne være med i prosessen frå smolt til laks tenker eg skal bli spanande, fortel Netland. 

Sissel Kråkås, kvalitetsleiar hos Sulefisk fortel dei har tilsett tre nye den siste tida, og er glade for at alle har busett seg i Solund. Foto: Facebook/privat.

Mange gode søkjarar

Sissel Kråkås, kvalitetsleiar i Sulefisk AS seier til Kyst.no at dei fekk fleire gode søkjarar då dei lyste ut dei ledige stillingane i vår.

- Dei tre som no er tilsett er alle busett i Solund. Trond og er frå Solund. Han er busett her med kona si og dei to barna deira. Bence tilsett flytta til Solund frå Ungarn i 2016 saman med sambuaren sin Fanni, dagleg leiar i Solund Mat. Fredrik valt å flytta frå storbyen Bergen til øyriket Solund saman med sambuaren sin og to barn.

- Så alt i alt er vi i Sulefisk veldig fornøgde. Ikkje berre har me fått 3 dyktige og motiverte medarbeidarar, men at dei også  allereie er busette eller buset seg i Solund er veldig viktig for oss. Dette er med å skape aktivitet og vekst i Solundsamfunnet og er heilt i tråd med grunnpilarane Sulefisk er tufta på.

- Sulefisk er heimehøyrande i Solund og her vil me vere med på å skape aktivitet og vekst. Ikkje berre for verksemda vår, men for samfunnet me er ein del av. Solund treng barn i barnehage og skule, samt innbyggjarar som deltar både i arbeidsliv og fritidsaktivitetar og som på den måten er med på å driv dette vesle, men gode øysamfunnet vidare inn i framtida. Dette er me i Sulefisk stolte av å kunne bidra med gjennom å skape arbeidsplassar og aktivitet, legger ho til. 

Kråkås fortel at det einaste som manglar no for å gjere Sulefisk temaet komplett, er ein fiskehelsekoordinator og fôringskoordinator.