Illustrasjonsbilde av rømt oppdrettslaks. Foto: Fiskeridirektoratet.

Tre rømmingshendingar i region Vest

Det er meldt inn tre rømmingsmeldingar til Fiskeridirektoratet region Vest sist veke.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

På Osland sin lokalitet Eidesberget i Høyanger kommune vart det varsla om ei hending i samband med avlusing 30. november.

– Dårleg ver med mykje vind førte til at ein brønnbåt har kome opp på haneføtene (rammefortøyningane til merd-ringen) og ringen har blitt trykt ned, seier seksjonssjef i Fiskeridirektoratet region Vest, Leni Marie Lisæter i ei pressemelding frå Fiskeridirektoratet. 

I eit område på fem meters breidde har rekkverket vore under vatn.

Osland har leigd inn eit fiskefartøy for å drive gjenfangst. 30 regnbogeørret er så langt gjenfanga.

Leni Marie Lisæter, sekssjonssjef ved forvaltningsseksjonen i region Vest - Fiskeridiraktoratet. Foto: privat.

Rømming frå Lingalaks

På Lingalaks sin lokalitet Tveitnes i Kvam herad har det skjedd ei hending under skifting av not 29. novmember. 

– Ved utsett av lodd har nota hekta seg fast slik at det har oppstått ei revne på 2,5 x 1 meter, seier Lisæter.  

Selskapet har fått pålegg om utvida gjenfangst og har leigd inn to fiskefartøy. Så langt er 100 laks gjenfanga.

Les også: Lakserømming hos Lingalaks

Rift i not

I Masfjorden på lokalitet Knappen/Solheim oppdaga Havforskningsinstituttet (HI) ei rift i ei not på 10 x 10 cm på ti meters djupn, i samband med ein rutinekontroll.

Fiskeridirektoratet blei varsla 29. november.

– HI veit ikkje korleis skaden har oppstått. Fiskeridirektoratet jobbar med å kartlegge moglege årsaker i samarbeid med selskapet. HI har drevet gjenfangst, men dei har ikkje fanga rømd laks frå sitt anlegg, seier Lisæter.

Fiskeridirektoratet har vore på rømmingsinspeksjon på alle lokalitetane. Dei ber om tips frå publikum til den døgnopne vakttelefonen deira dersom det blir fanga oppdrettslaks/regnbogeaure i områda. Tlf: 55 23 83 37 / 911 03 277.