Trålhal under forskingstokt i Barentshavet. Toktaktivitet er ein viktig innsatsfaktor i havforvaltinga som skal bidra til eit berekraftig fiskeri i Noreg. Foto: Kjartan Mæstad / Havforskingsinstituttet

Undersøking: Fiskeri og oppdrett mest berekraftig

Fiskeri og oppdrett blir oppfatta som den mest berekraftige næringa i Noreg i ei ny undersøking, ifølge HI.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Når folk blir spurt om kva som er den mest berekraftige næringa i Noreg, svarer 29 prosent fiskeri og oppdrett. Det er nesten dobbelt så mange som svarer olje og gass, som kjem på andreplass. IT, industri og turisme følgjer på dei neste plassane, melder Havforskningsinstituttet (HI) i ei pressemelding. 

Svara kjem fram i ei undersøking som Opinion har gjort på oppdrag for Havforskingsinstituttet, Universitetet i Bergen og Bergen kommune i samband med havkonferansen The Ocean.

Tillit til havforvaltinga

På spørsmål om dei har tillit til at ulike næringar forvaltar naturressursane på ein god/berekraftig måte, svarar to av tre «ja» for fiskeri og fangst. To av ti svarar «nei», resten veit ikkje. På same spørsmål om oppdrett er det litt fleire som svarar ja enn nei: høvesvis 42 og 37 prosent.

Éin av tre seier i same undersøking at dei trur problema innan oppdrettsnæringa, som lakselus og rømming, vil auke dei neste fem åra. Litt over to av ti trur problema vil minke, medan nær fire av ti trur dei vil bli omtrent som i dag. 

Nær seks av ti nordmenn seier at dei har stor tillit til norsk forvalting av havressursane. Det er det høgaste som har vore målt i undersøkinga.

Trur berekraft er mogleg

– Når ein har samanlikna proteinproduksjon frå ulike kjelder, så har den norske havbruksnæringa kome fram som den mest berekraftige proteinprodusenten i verda. Det betyr ikkje at det ikkje er utfordringar, men det er også utfordringar knytt til matproduksjon på land, seier Geir Lasse Taranger.

Han er forskingsdirektør ved Havforskingsinstituttet og leia ein parallellsesjon under The Ocean med tema kunnskapsbasert utnytting av marine ressursar.

– Det har kome nye rapporter som viser kor stort press vi har på landjorda. Då er det spennande å sjå om det er mogleg å realisere vyane om meir matproduksjon frå havet og samtidig ivareta berekraft. Vi meiner det er mogleg, ved å ha god kunnskap og riktig teknologi, understrekar Taranger. 

Samlar krefter for havet

Havforskingsinstituttet, Universitetet i Bergen og Bergen kommune er blant arrangørane bak The Ocean, som blei arrangert digitalt frå Bergen torsdag 17. september. 

Målet med konferansen er å samle kunnskaps- og næringsmiljø som arbeider for ein berekraftig blå havøkonomi.

Undersøkinga blei utført blant eit representativt utval av 1000 nordmenn. Det er fjerde gongen undersøkinga har vore gjennomført sidan 2015.