Lokaliteten Hågårdsneset på Snilstveitøy tilhøyrande Eide Fjordbruk, er i dag godkjent for ein mtb på 2340, noko oppdrettselskapet har søkt om at skal aukast til 3600. Foto: Eide Fjordbruk.

Vil auke MTB på alle lokalitetar i Hardanger

Eide Fjordbruk ynskjer å auke biomassen på deira fire lokalitetar i Kvinnherad, for å nytte selskapet sin samla konsern-MTB, og fleire i kommunen er positive til søknaden.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Selskapet har søkt om å auke MTB på lokalitetane Brandaskuta, Hisdalen, Hågårdsneset og Hondskår som alle ligg sentralt i Hardangerfjorden, i området rundt Varaldsøy og Rosendal.

- Søknadane vart sendt inn i juli 2017, og er no ute på høyring. Det er bakgrunnen for at Kvinnherad kommune har handsama desse sakene no, fortel samfunnskontakt Tor Johannes Hjertnes til Kyst.no.

Samfunnskontakt Tor Johannes Hjertnes i Eide Fjordbruk, seier dei no har søkt om å få auka biomassen på selskapets fire lokaliteter i Kvinnherad. Foto: Privat.

Han påpeikar at selskapet treng auka lokalitetskapasitet for å nytte selskapet sin samla konsern-MTB.

- På sikt vil me også setja ut postsmolt frå Ænes Inkubator. Ved bruk av postsmolt vert det sett ut større fisk med kortare produksjonstid i sjø. 

5000 tonn auke

Eide Fjordbruk har fire lokaliteter i Hardanger, og på kvar av desse har dei søkt om å auka MTBen frå 2340 til 3600 tonn, samla 5040 tonn auke.

- I dag må me slakte ut fisk tidlegare enn ynskjeleg for at me ikkje skal overstige det lokaliteten er godkjent for. Ved auka lokalitets-MTB kan me produsere fisk med meir optimal slaktevekt, og få større fleksibilitet i forhold til slaktetidspunkt. Me har drive desse fire lokalitetane i mange år med svært gode resultat, seier Hjertnes.

- Resultata av MOM-B undersøkingane viser også at lokalitetane har tålt produksjonen godt, legg han til.

Samrøystes formannskap

Lokalavisa Kvinnheringen (krever pålogging) skriv at eit nesten samrøystes formannskap støtta rådmannen si innstilling om å gi positive uttalar til Eide Fjordbruk sine søknadar om å få auka biomassen på lokalitetane. Men ikkje utan ein viss tvil og diskusjon.

Då formannskapet skulle behandla saka onsdag i førre veke, innleia Leif Sverre Enes (H) at saka handlar om å la fisk veksa seg større i éin lokalitet før ein slaktar, mot at ein tar ned produksjonen eller brakklegg ein annan lokalitet.

Hans Inge Myrvold (Sp) tolka Eide Fjordbruk sine søknadar som eit forsøk på å møta lakselusproblematikken, og Sølvi Ulvenes (H) viste òg til at oppdrettsnæringa stadig jobbar med å bøta på miljøutfordringar. Rådmannen sine innstillingar om å støtta alle søknadane blei vedtekne mot berre Svein Ingvald Opdal (MDG) si røyst, skriv avisa.

Les også: