Frå Norsk Fiskeoppdrett:
– Bak kvar laks ligg mykje kunnskap
Berre éin av fire nordmenn svarer at oppdrettsnæringa er til å stole på. Gjennom fleire år har det familieeigde oppdrettsselskapet Bremnes Seashore valt å opne dørene på gløtt, ikkje med glansbilete, men med kvardagshistorier frå heile drifta.
Mykje av det som skjer gjennom laksen sitt livsløp, er framleis lite tilgjengeleg for dei som ikkje sjølve jobbar i næringa. Produksjonen startar med rogn og settefisk på land, held fram i sjøen og endar med slakt og foredling. Behovet for å fortelje meir om kva som faktisk skjer, kjem i ei tid der næringa arbeider tungt med omdømme og tillit.
I Kimes Omdømmeundersøking svarte berre 25 prosent at oppdrettsnæringa er til å stole på. Også Sjømat Norge har tidlegare peika på at publikum oppfattar næringa som lukka og utilgjengeleg.
Eitt av oppdrettsselskapa som over tid har arbeidd med å gje eit større innblikk i drifta, er Bremnes Seashore i Vestland.
Opnar dørene
Med hovudkontor på Bømlo, om lag 450 tilsette og aktivitet i Ryfylke, Sunnhordland og Hardanger, omfattar konsernet store delar av verdikjeda.
– Me prøver å kommunisera med ei årsak. Kommunikasjonen skal vera tett på drifta, dei tilsette og dei spørsmåla som er viktige for verksemda og samfunnet rundt oss, seier kommunikasjonssjef Simon Nesse Økland til Norsk Fiskeoppdrett.
Store delar av kjerneverksemda skjer på stader folk kan sjå når dei køyrer forbi, men der dei færraste har tilgang til i kvardagen.
– Gjennom video kan me opna dørene litt meir og la folk sjå med eigne auge kva som faktisk skjer frå settefisk til ferdig produkt.
Kameraet har vore med til både settefiskanlegg, sjølokalitetar og foredlingsverksemda, men også vidare ut til sluttbrukarar. Mellom anna har Bremnes Seashore laga innhald frå butikkar og restaurantar i Frankrike. Også meir faglege sider ved produksjonen får plass. Ein av dei nyare filmane handlar om ei MOM-B-undersøking, der sjåarane får sjå korleis miljøtilstanden på sjøbotnen ved eit oppdrettsanlegg blir undersøkt.
– Video kan gjera krevjande faglege tema lettare å forstå, og me ser at filmane når mange. Samstundes brukar me ikkje video berre fordi det er fint å ha ein film. Formatet må passa til historia, påpeikar han.
Selskapet nyttar elles ei breiare verktøykasse.
– Tekst, bilete, møte, besøk, eigne nettsider og redaksjonelle medium er framleis svært viktige delar av kommunikasjonsarbeidet vårt.
Har funne tonen
På videosida har Bremnes Seashore samarbeidd med Peter Tubaas og Vestland Media sidan 2019. Sidan den gong har samarbeidet resultert i rundt 70 filmar frå ulike delar av verksemda. Det langvarige samarbeidet gjer at Tubaas kjenner både selskapet og menneska som skal stå framfor kamera.
– Peter forstår kven me er, stiller gode spørsmål og er svært dyktig til å få fram menneska og historiene i verksemda vår. Han får folk til å vera trygge framfor kamera, utan at det blir oppstilt eller glansa, seier Simon Nesse Økland.
Tubaas fortel at responsen på filmane har vore større enn han venta då samarbeidet starta, og at dei gjennom åra har fått mange tilbakemeldingar på innhaldet.
– Det er kjekt korleis me i fellesskap har utvikla ein reportasjestil som passar så godt til profilen til Bremnes Seashore. Det handlar om å visa fram alle delar av verksemda, la dei som er nærast historia få fortelja ho, og ikkje minst gjera dette over tid, seier Tubaas.
Han fortel at han som regel får stor fridom til å finne forma på historiene, utan omfattande manus eller føringar frå selskapet.
– Eg synest det viser att i filmane, som vert ekte og truverdige, og truleg gjer at dei treff betre, seier han.
Ifølgje Økland har nettopp kontinuiteten i samarbeidet vore avgjerande.
– Det har gitt oss høve til å finne ein tone der me kan vise fram både det me er stolte av, og det som er krevjande. Ofte er det dei tilsette som sjølve står i produksjonen som får ordet. Det kan vere ein lærling som forklarer ei arbeidsoppgåve, ein driftsoperatør som fortel om kvardagen på sjøen, eller ein fagperson som forklarer ei fagleg vurdering, forklarer han.
Det er heller ikkje nødvendigvis dei store investeringane eller milepælane som gjev mest trafikk og respons.
– Det har kanskje overraska oss litt kor godt dei heilt vanlege historiene fungerer. Det treng ikkje vera ei opning, ei investering eller ein stor milepåle. Folk er interesserte i arbeidet, menneska og kvardagen bak maten me produserer.
Selskapet følgjer med på kor mange som ser, les og deler, men tala er ikkje det einaste som tel.
– Ei svært god tilbakemelding kan vera at nokon seier: «No forstår eg litt betre korleis dette fungerer».