Gjennom eit felles prosjekt mellom Vartdal Plast, BASF og Bremnes Seashore, vert oppdrettsselskapet frå Bømlo etter sigande det fyrste i verda til å kommersielt ta i bruk fiskekasser laga av råstoffet Ccycled. Foto: Bremnes Seashore.

- Dei fyrste til å ta i bruk isoporkasser av resirkulert plast

- Bremnes Seashore vert fyrst i verda til å kommersielt ta i bruk ei sirkulær EPS-fiskekasse.

Publisert Sist oppdatert

EPS (ekspandert polystyren, eller Isopor ) produserast normalt av fossile råvarer. Vartdal Plast har samarbeidd med råvareprodusenten BASF i 60 år, og har gjennom dette samarbeidet fått tilgang på råstoffet Ccycled, som er utleia av pyrolyseolje frå kjemisk resirkulert konsumentplast.

Gjennom eit felles prosjekt mellom Vartdal Plast, BASF og Bremnes Seashore, er selskapet frå Bømlo det fyrste i verda til å kommersielt ta i bruk fiskekasser laga av dette råstoffet, hevdar selskapa i ei pressmelding. 

- I 1965 laga vi verdas fyrste fiskekasse av EPS, og det markerer derfor ei viktig utvikling i Vartdal Plast si historie at den første fiskekassa av resirkulert plast no blir rulla ut få fabrikken vår på Vartdal, seier Jan Endre Vartdal, dagleg leiar i Vartdal Plast.

Bremnes Seashore vil i første omgang bruke råstoffet Ccycled til utvalde filetkasser til BÖMLO laksefiletar.