Vidar Ulriksen Regionsdirektør Vest i Fiskeridirektoratet

Mistenkar rømming frå Bolaks

Vidar Ulriksen, Regionsdirektør Vest i Fiskeridirektoratet seier til kyst.no at han mistenker at rømminga i Bjørnefjorden kjem frå Bolaks sitt anlegg. - Det gjeld fisk fanga mellom to og tre kg som direktoratet no vil undersøkje ytterlegare, opplysar han. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Me har fått melding om hol i not på anlegget på Skavhella som tilhøyrer Bolaks. Så langt har me fått rapportert om cirka 120 fisk, dei fleste 2 til 2,5 kg, opplysar regionsdirektøren.

Bolaks har i dag meldt at dei vil ta imot fangstar av laks og betalar kr 200 for kvar fisk.

- Førebels er situasjonen slik, men direktoratet vil ta prøver for å finne opphavet til fisken. Men me mistenkar at fisken kjem fra Bolaks, seier Ulriksen til kyst.no.

Store mengder fisk

Bolaks har 13 lokasjonar i Bjørnefjorden, frå Lukksundet i sør til Holmefjord i nord.

- Det er store mengder rømt opprettslaks i Bjørnefjorden no. Fiskarar eg snakkar med, får dagleg mellom 10 og 30 laks i garnet, seier Magnus Lyssand til Os og Fusaposten.

- Ein vanleg fiskar dreg eitt eller to garn med slik fisk, og så gidd han ikkje meir. Ein treng ikkje meir til privat forbruk. Det dei burde gjort var å betala fiskarane for å fiska det på land att. Alternativet er at det er massevis av fisk som spreier lus over alt, seier Lyssand til avisa.

Laksen passar ikkje

- Ein del av den fisken som det blir rapportert om, passar ikkje med størrelsen på fisken på Skavhella, seier daglig leiar Bjørg Mette Holmefjord Antonsen til Kyst.no.

På laurdag 21.november fekk Bolaks ei melding om fisk som vart fangsta i nærleiken.

- Me utførte derfor ei undersøking og fant eit lite hol i nota, som straks vart reparert. Dette holet var oppe på nota, derfor trur me ikkje at store mengder fisk har kome ut, seier Holmefjord.

- Kvifor veljer Bolaks å betale ut 200 kroner per laks?

- Det har skjedd ei rømming, og me har eit hol i nota og derfor veljer me å ta ansvar. Me har ikkje bevis for at rømminga er frå oss, men moglegheita er der med bakgrunn i det holet me fant, og me har derfor valt å betale, opplyser Holmefjord.

Leiaren peikar på at det er viktig å ta ansvar med tanke på omdøme til oppdrettsbransjen, sjølv om Bolaks kanskje ikkje er skuldig i rømmingane.

Bolaks har i dei seinare tider utført AGD- og avlusingsbehandlingar ved anlegget på Skavhella i Os, der holet vart oppdaga.

- Me hadde allereie bestilt dykkarar som skulle undersøkje merdene etter behandlingane, slik som er prosedyre etter ein større arbeidsoperasjon. Dykkarar undersøkte nøtene omfattande på måndag, og dei fann ingen nye hol, påpeikar Holmefjord til kyst.no.