Som ei mellombels løysing inngår Blått kompetansesenter vest AS avtale med DeFacto Rekneskap AS om oppstart og dagleg drift.

Avtale mellom Blått kompetansesenter vest og DeFacto Regnskap

I påvente av tilsetting av dagleg leiar i Blått kompetansesenter vest AS er DeFacto Regnskap AS engasjert til oppstart og dagleg drift av selskapet. Avtala trer i kraft frå september 2022, og er signert for to år.

Etter fleire års planlegging blei Blått kompetansesenter vest AS stifta som eit føretak sommaren 2019. Formålet til selskapet er å styrke samarbeidet mellom forsking-, utdanning- og næringsaktørar innanfor marin og maritim sektor i Austevoll og i Vestland. Sidan 2019 har styret førebudd oppstart av aktivitetar og tenester. Selskapets styre består av Vivian Bjånesø Horgen (styreleiar), Geir Lasse Taranger, Hege Lauvik og Morten Storebø.

Hausten 2021 utlyste Blått kompetansesenter vest stillinga som dagleg leiar, men rekrutteringsprosessen blei ikkje fullført. Selskapet har ein avgrensa økonomi, og styret lukkast ikkje med å auke inntektsgrunnlaget utover løyvingane frå Vestland fylkeskommune og Austevoll kommune. Den økonomiske situasjonen i 2021 og

2022 tilsa derfor at ein ikkje kunne tilsette dagleg leiar og ha midlar til aktivitetar og oppgåver som selskapet har påtatt seg.

- Godt rusta for oppgåva

Som ei mellombels løysing inngår derfor Blått kompetansesenter vest AS avtale med DeFacto Rekneskap AS om oppstart og dagleg drift. Avtala har ei varigheit på 2 år.

- Styret meiner dette er ei god løysing når den økonomiske situasjonen er som den er. Det viktigaste no er å få Blått kompetansesenter verkeleg opp og gå. Denne løysinga gjev oss betre tid til å skaffe fleire inntekter og bygge eit sterkare økonomisk fundament slik at me kan tilsetje eigen dagleg leiar på eit seinare tidspunkt, seier styreleiar Vivian Bjånesø Horgen.

- Vi ser fram til å utvikle organisasjonen Blått kompetansesenter vest, og finn oppdraget særs inspirerande, seier dagleg leiar i DeFacto, Sveinung Hovland.

- DeFacto har allereie god kompetanse på forretningsutvikling og blå næring, så eg er overtydd om at vi er godt rusta for oppgåva.

Med seg på teamet som skal handtere dagleg drift og utvikling av Blått kompetansesenter vest har han Bente Kari Sletten Taranger, leiar for rådgjeving, og Sissel Fagerbakke som er rådgjevar innan marknad og sal.

Partene er nøgd med å få på plass avtala, og har som mål å leggje til rette for at senteret er på god veg når den dag kjem at ny dagleg leiar er på plass.