Illustrasjonsfoto: Ole Andreas Drønen

Fleire hundre tusen laksesmolt har døydd

Mesteparten av dei 400 000 laksesmolten som vart sett ut i det nye og omstridde anlegget ved Silda for snart to veker sidan har døydd.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det skriv nettavisa Fjordenes Tidende.

Fjordenes Tidende skriv at det har har vore mykje strid rundt det nye oppdrettsanlegget til Blom Fiskeoppdrett ved Silda i Vågsøy. Grunneigarar og folk på øya Silda har protestert mot oppdrettsanlegget. Men alle klager har vorte avviste, og anlegget er på plass og i full drift.

Dagleg leiar i Blom Fiskeoppdrett, Øyvind Blom, seier dei ikkje veit årsaka til at mesteparten av dei 400.000 laksesmolten som vart sett ut i det nye oppdrettsanlegget for to veker sidan døyde etter berre to-tre døgn.

- Vi veit ikkje eksakt kor stor del av dette kullet som døydde, men det er nok mesteparten av smolten som vart sett ut, seier Blom til avisa.

Eit mysterium

Blom, som har jobba med oppdrett i mange år, har aldri opplevd noko liknande at så mykje laksesmolt har døydd berre eit par dagar etter at dei vart sett ut.

- Dette har eg aldri høyrt om. Det vi veit er at det ikkje er snakk om sjukdom eller noko som kan føre til smitte. Dette skjedde veldig fort, seier Blom til Fjordenes Tidende. 

No arbeider Blom Fiskeoppdrett tett med Mattilsynet og veterinærar for å finne årsaka til det som skjedde.