Anlegget til Sogn Aqua/Glitne i Ortnevik i Sogn. Foto: Kari Johanna Tveit.

Sogn Aqua og Blue Ocean har funne kvarandre

I juni blir Blue Ocean Technology sitt anlegg for reinsing av fiske slam installert på anlegget til Sogn Aqua/Glitne i Ortnevik i Sogn. - Her står teknologiutvikling, miljø og driftssikkerheit i fokus, seier Ole-Kristian Hess-Erga i Sogn Aqua/Glitne.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Sogn Aqua/Glitne har utvikla ein eigen lengdestrømsteknologi for produksjon av kveite på land. I fjor blei det produsert rundt 150 tonn kveite i Ortnevik, men produksjonen vil auke og dei er avhengig av å reinse avfallsstoffa frå produksjonen, , kommer det frem i en pressemelding. 

Ole-Kristian Hess-Erga i Sogn Aqua/Glitne. Foto: Kari Johanna Tveit/Amarine AS.

I utgangspunktet hadde selskapet kontakt med fleire ulike leverandørar, men bestemte seg til slutt for å etablere eit samarbeid med Blue Ocean Technology og Jan Henning Legreid.

- Dette er eit driftssikkert system som passar godt saman med Sogn Aqua sin filosofi når det gjeld miljø og god utnytting av ressursane, seier Hess-Erga.

Sidan selskapet har heile matfiskproduksjonen på land er det veldig viktig å ha god kontroll på partikkelmengda og handtere den på best mogleg måte.

Kostnadseffektiv behandling

Fekalier frå kveite har ei litt anna samansetning og litt ulik konsistens enn fekalier frå laks, men testane viser at reinseprosessen fanga opp hovuddelen av partiklane og resultatet blir eit tørrstoffinnhald på opp mot 40 prosent. Dette er svært positivt med tanke på at det er energieffektivt og at det skjer på ein relativ enkel måte, melder selskapet.

Vidare utvikling

Samarbeidet mellom Blue Ocean Technology og Sogn Aqua/Glitne inneber vidareutvikling av teknologi og det gir nye bruksområde for slammet. Foreløpig vil tørrstoffet som blir framstilt av slam frå produksjonen av kveite bli brukt til gjødsel og jordforbetring, men her finst mange ulike alternativ som dei skal jobbe med.

- På sikt blir det viktig for oss å finne enno betre bruksområde for slammet, for eksempel bruke tørrstoffet i ein sekundær biologisk produksjon, seier Hess-Erga.

På den måten kan ressursane nyttast maksimalt og gi eit enno betre fotavtrykket.

Gode synergiar for begge selskapa

Avtalen mellom Blue Ocean Technology og Sogn Aqua/Glitne inneheld også ein avtale om eit utviklingssamarbeid. Sidan fôret til kveita er litt annleis enn laksefôr og vatnet som kjem ut inneheld litt mindre feitt, har Blue Ocean vore avhengig av å gjere nokre tilpassingar. Men dette gjev kunnskapar som vil komme godt med når ein skal utvikle reinseanlegg for fleire typar fisk i havbruk.

- Det ligg mykje upløgd mark på teknologisida, og vi hentar erfaringar og idear både frå oljesektoren og frå anna næringsmiddelindustri i denne prosessen, seier Legreid.

Målet er å gjere kvardagen enklare

Eit sentralt mål for Blue Ocean er å gjere kvardagen for oppdrettsselskapa enklare.

- Forretningsideen vår er at oppdrettarane ikkje treng å ha noko med reinseanlegget å gjere dersom dei ikkje ønskjer det. Vi  fiksar det, seier Lægreid, og legg til at han er svært glad for at avtalen mellom Sogn Aqua/Glitne og Blue Ocean Technology er på plass.