Ein av lokalitetane til Bremnes Seashore. Foto: Bremnes Seashore

Ueinige i reduksjonsvedtak - Vil bli påklaga

Bremnes Seashore har i dag motteke Mattilsynet sitt vedtak om å redusera maksimalt tillaten biomasse ved lokaliteten Sølvøyane i Bømlo frå 5 460 til 1 711 tonn. Bremnes Seashore er ueinig i vedtaket, og vil klaga på dette. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Hovudårsaka for Mattilsynet sitt vedtak er ei overskriding av lakselusgrensa fem gangar ein kort periode seinsommaren og hausten 2019. Det var på dette tidspunktet påvist gjellebetennelse på laksen, noko som gjorde at fisken hadde redusert toleevne for lusebehandling. Bremnes Seashore gjorde difor ei bevisst fiskehelsemessig vurdering om å utsetje lusebehandling for å sikra god fiskevelferd og fiskehelse.

- Me meiner dette valet var ei forsvarleg handtering av ein vanskeleg situasjon, skriv selskapet i ei pressemelding.

Orienterte Mattilsynet

Bremnes Seashore haldt Mattilsynet orientert om deira val undervegs, inkludert deira val om gradvis utslakting, og lokaliteten blei tømt i etterkant.

- Våre merknader til varsel om vedtak er ikkje lagt vekt på, og me kjem til å klaga på vedtaket. 

Bremnes Seashore har teke konsekvensane av utfordringane ved Sølvøyane, og har planlagt utsett av betydeleg større smolt – slik at lokaliteten i framtida vil vere tømt før tida på året når lusepresset er størst.