Ronia Diamond. Foto: OlavThokle

Ronia Diamond vert døypt til helga

- Sølvtrans vil også overlevere ein million kroner til Kreftforeninga på dåpsseremonien, melder Kleven Verft.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Verftet skriv i ei pressemelding at brønnbåten Ronia Diamond er bygd ved Myklebust Verft for Sølvtrans, og vert døypt i Bergen sentrum laurdag 23. september, midt under sykkel-VM-eventyret i byen.

Koplinga til sykkel-VM er Robin Halsebakk.

- Den 26-år gamle marknadssjefen i Sølvtrans sykla i sommar Noreg på langs – 4500 kilometer frå Grimstad til Kirkenes for å promotere sykkel-VM, besøke sjømatbedrifter og samtidig samle inn pengar til kreftsaka. Resultatet vart imponerande 1 million kroner!

Desse vil verte overrekt til Kreftforeninga under dåpsseremonien på Statsraad Lehmkuhl-kaia i Bergen sentrum laurdag kl. 14.00.

500 tonn levande fisk

Ronia Diamond er nyaste tilskot til den moderne flåten av brønnbåtar for Sølvtrans, og det nær 80 meter lange fartøyet er av typen NVC 387 frå Rolls-Royce.

- Søsterskipet Ronja Ocean vart levert frå Myklebust Verft i mars, og gjekk rett inn i ein langtidsavtale for OMS i Nord-Trøndelag. Båten har vore ein stor suksess for reiarlag og kunde frå dag ein.

Ronia Diamond har ein brønnkapasitet på heile 3200 m3, og kan frakte om lag 500 tonn – tilsvarande rundt 150.000 levande fisk.

- I tillegg til transport av levende fisk, er også båten spesielt rigga for ferskvassbehandling for fjerning av lus.