Carl-Erik Arnesen er ny styreleiar i Troland Lakseoppdrett. Foto: Therese Soltveit

Arnesen ny styreleiar i Troland Lakseoppdrett

Då familieverksemda Troland Lakseoppdrett skulle finne ein styreleiar utanfrå, fall valet på den rutinerte bransjemannen Carl-Erik Arnesen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Etter å ha fylgt næringa frå trillebår til sentralfôring, har Troland Lakseoppdrett no kome fram til at dei vil ha inn ressursar utanfrå på styreplass. Carl-Erik Arnesen har teke på seg oppgåva med stor interesse, og han er då heller ingen nykomar i bransjen. Han har drive med produksjon, sal og ledelse innan fiskeoppdrett sidan 1982 både i Norge og utlandet. Han har jobba mest med laks og aure, men også med kveite, havabbor og skjell.

Arnesen har og fartstid i Fiskeriseksjonen i Den norske Bank og hatt administrative oppgåver og tillitsverv i bransjeorganisasjonar. Han var administrerande direktør i Firda-gruppa i 16 år, og sals- og marknadsdirektør i Alsaker Fjordbruk AS. Frå desember 2017 har han vore tilsett som adm. direktør i Hav Line AS, reiarlaget som skal drive slaktebåten «Norwegian Gannet», som er under bygging i Spania.

- Bedrifter som Troland Lakseoppdrett er røtene til norsk laksenæring, og ein blir audmjuk av tilliten som følgjer med eit verv som styreleiar. Her skal ein vere med og forvalte interessene til ein svært engasjert og kunnskapsrik familie på eigar- og driftssida, seier Arnesen. 

Familieverksemd

Troland Lakseoppdrett er heimehøyrande i Austevoll, og har to konsesjonar for laks og aure. Brørne Mons Eivind og Ole Morten Troland har delt på ansvaret som dagleg leiar og styreformann fram til dei no hentar inn eksterne krefter på styreplass. Begge jobbar delvis med fiskeoppdrett og delvis med fiske, skriv  Havbrukspartner i ei pressemelding..

Verksemda fekk den første konsesjonen sin i 1979, og det var mor til dei to karane, Marta Aud Troland, som var drivkrafta bak.

- Me fekk fyst avslag på søknaden om konsesjon, og beskjed om at det ikkje var hjelp i å klage. Men mamma ga seg ikkje, og ho vann fram, sa Mons Eivind Troland i eit intervju sommaren 2017.