Dagleg leiar i Hordafor Siv Østervold. Foto: EWOS.

- Rett handtering av dødfisk er heilt nødvendig

Dagleg leiar Siv Østervold i Hordafor seier rett handtering av dødfisk er heilt nødvendig for å forebyggje smittespreiing mellom anlegg og for å leggje til rette for god HMS. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Krava til opptak og handtering av dødfisk fra oppdrettsanlegg er beskrevet i matloven og i akvakulturdriftforskriften. Mattilsynet satt nylig fokus på dette, og skriv at ein del aktørar likevel ikkje alltid oppfyller krava.

God metode

Dagleg leiar i Hordafor, Siv Østervold, seier til Kyst.no at selskapet deira er glad for at Mattilsynet set fokus på oppdrettsflåtane sin kapasitet til å handtere både vanlege og uvanlege mengder dødfisk.

- Rett handtering av dødfisk er heilt nødvendig for å forebyggje smittespreiing mellom anlegg og for å leggje til rette for god HMS, poengterar Østervold.

Ho fortel at utredninger gjort av myndigheitene har konkludert med at ensilering av dødfisken er ein god metode for å oppnå dette i praksis.

- Tilstrekkeleg kapasitet på utstyret som ensilerer dødfisken på flåtane er ein grunnforutsetning for at dødfisken kan handterast rett, legg ho til.

Aukar faren for smittespreiing

Av ulike årsaker kan det oppstå situasjoner på oppdrettsanlegga som aukar faren for smittespreiing, t.d mellomlagring av ikkje-ensilert fisk i sekkar og kar på anlegget.

- Hordafor som handterar biprodukt har kvalitetskrav til leverandørane sine på lik linje som oppdrettarane har til sine samarbeidspartnarar. Når me oppdagar at noko ikkje er i tråd med kvalitetskrava våre, gjev me raskt tilbakemelding til flåten slik at dei får eit forvarsel før det oppstår ein situasjon med nedsett biosikkerhet som i tillegg  kan vera ein sikkerhetsrisiko på anlegget, seier dagleg leiar.

På denne måten meiner ho at anlegga får ein kontinuerleg tilbakemelding frå selskapet, på anlegget sin funksjonalitet og drifting.

- Hordafor har arbeida målretta og systematisk med m.a prøvetaking, utstyrskapasitet, syredosering og tilbakemeldingar og ser at det har ein god effekt på flåtane og at dei aller fleste set stor pris på å få ei slik kontinuerlig oppfølging frå oss. Slik arbeidar me saman for sikker produksjon av god ensilasje på anlegga, seier ho avslutningsvis.

Hordafor AS produserer lakseolje og proteinkonsentrat basert på ensilasje fra oppdrettsnæringen, hovedsakelig fra Norge, og holder til i Bekkjarvik i Austevoll.