Jan Erik Kyrkjebø. Foto: Linn Therese S Hosteland.
Jan Erik Kyrkjebø. Foto: Linn Therese S Hosteland.

Vidareutviklar lukka merd

Sidan hausten 2015 har Ecomerden produsert laks hos Sulefisk i Solund,  på oppdrettarens grøne løyve. Sjølv om produktet er solid og velfungerande, har produsenten gjort seg nokre nyttige erfaringar og vil oppdatere komponentar i neste produksjon.

Publisert

Salmon Group skriv at den aller første utgåva av merden er produsert med både internasjonal og lokalt arbeid. Sjølve stålkonstruksjonen er laga på Filippinene, den fleksible duken er produsert i Sveits, samanstillinga er gjort i Bergen og ein del komponentar er leverte i Solund.

Sjølv om produktet er solid og velfungerande, er det alltid slik at ein gjer seg nokre nyttige erfaringar når ting kjem i drift.

Jan Erik Kyrkjebø, er i dag leiar av selskapet Ecomerden AS, som eig og utviklar konseptet vidare. Han fortel at han vil gjere nokre modifikasjonar for den neste utgåva av anlegget.

- Vi har no designa den neste Ecomerden med ein mykje høgare sprutskjerm, og med moglegheit for heilt tett overbygg for dekket på flytekragen. Dette ser vi på som viktig på grunn av overskyljing, med mogleg innslag av lus og sjukdomssmitte. Dette vil og vere ei forbetring med omsyn til fôring, lyssetjing, og betre ergonomi og arbeidsforhold for røktarane, fortel Kyrkjebø til Salmon Group.

Han ser og eit behov for å halde fuglen vekke frå anlegget.

- Det vi ser er at når det er fugl over fuglenota, dykkar fisken momentant nedover, og vi meiner dette kan unngåast ved å tette overbygget, på same måten som ein rubbhall, legg han til.

Utstyret som er under havflata har klart seg godt gjennom vinteren.

-Sjølve dukposen i Ecomerden har grodd ubetydeleg i forhold til røktenota, då den er innsett med eit antigroingsmiddel som er næringsmiddelgodkjent, seier Kyrkjebø.

Lus

På tross av at det er ein lukka merd har det kome lus i merden, men ifølgje Kyrkjebø har det  aldri vore problem, då nivået har vore under lusegrensa for det grøne løyvet (0.1 kjønnsmodne holus i snitt).

- Lus kan kome inn i ei lukka merd ja, men for at det skal eskalere må der kome ei kjønnmoden holus og ei kjønnsmoden hannlus på ein fisk. Dersom egg klekkast og larver blir slept ut inne i Ecomerden, vil det i løpet av 30-40 minutt bli skolt igjennom anlegget. Det tar minimum 100 døgngrader ( ca. 10 dagar ved 10 grader Celsius) før ei larve blir til ein kopepoditt og kan symje sjølv. Då må denne setje seg på ein vert, elles dør den. I vårt tilfelle har då den vandra 400 gonger inn og ut gjennom Ecomerden. Dette er lite sannsynleg, og det er forklaringa på at i lukka anlegg vil det ikkje eskalere med lus, men tynnast ut etter kvart.

Like fullt er ein ute etter å undersøke alle smutthol for lusa.

- Vi skal no teste ein planktonduk over sjøinntaket for å samle opp eventuell lus som kjem med vatnet. Duken har ein tettleik på 350 my. Då får vi svaret på om det er grunnlag for denne hypotesen. I tillegg har vi konstruert ein neste versjon, der kunden kan velje om han vil ha eit integrert trommelfilter i flytekragen, som vil ta alle stadium av lus før dei kjem inn i merden. Ecomerden er designa for at vi kan levere anlegg med og uten lusefilter på inntaksvatnet. Den neste utgåva av Ecomerden vil etter mine vurderingar ikkje oppleve nokon førekomstar av lus på fisken.

Salmon Groups nettstad kjem det og fram at den reelle fôrfaktoren i ein periode var på 0,85 og at fleire vitskaplege forsøk er i ferd med å greie ut kva tettleik som vil vere optimal for veksten og velferda til fisken.