Ro Server ved Ecomerden. Foto: Sulefisk.
Ro Server ved Ecomerden. Foto: Sulefisk.

Slik har det vore å bruke Ecomerden

Sulefisk fekk i 2014 tildelt ei såkalla mørkegrøn løyve i gruppe C, som mellom anna la til grunn at dei skulle ta i bruk ny teknologi i form av Ecomerden. I ein rapport summerar dei no erfaringane rundt pilotprosjektet med den lukka merden.

Publisert

I rapporten kjem det fram  at målsetjing med produksjonen i den lukka merden er å produsere postsmolt fram til fisken veg minst ett kilo, før den vert sett ut i open merd med luseskjørt.

- Sjøvatnet til Ecomerden vert pumpa inn på 27 meter djup gjennom 4 sirkulasjonspumper. Totalt vert det pumpa 2 400 L per sekund og det tek litt over 30 minuttar å skifte ut heile volumet i merda.

Dette innber ifølgje selskapet god sirkulasjon og jamn temperatur for smolten.

- Målet er at ved å pumpe inn vatnet på 27 meters djup unngår ein overflatevatnet der luselarvar  og -egg tradisjonelt ligg. Ecomerden har også automatisk logging av O2 og temperatur, i tillegg er det kontinuerleg overvaking med alarmberedskap ved feilmeldingar/brot i systemet. Dette legg til rette for betre fiskehelse og effektiviserer produksjonen. I tillegg bidrar Ecomerden sin teknologi til betre rømmingssikring med tett fleksibel vegg utanfor røktenota.

Framgang og konklusjon

Ved fyrste utsett hausten 2015, skriv dei at det ikkje vart tilsett oksygen i vasstilførselen frå byrjinga av produksjonen.

- Dette då vi vurderte oksygenmetninga i vatnet som god nok. Referansen vår var oksygensondane inni merda samanlikna med kameramålingar i dei opne merdane våre. Det låg då på mellom 70 og 80 % i Ecomerden og vi meinte dette var bra.

Etter kvart såg dei at fisken trengte oksygen og tilsette oksygen på alle pumper.

- Vi såg raskt forbetring ved at fisken gjekk rolegare og fordelte seg meir jamt ut over heile merda. Vi enda opp med å ha ein oksygenmetning på mellom 90 og 100% på den sonden som låg nærast utløpet.

Selskapet skriv at dei har gjort deg erfaringar, både på godt og vondt. Mellom anna fekk dei oppblomstring av maneter. Men konklusjonen er like fullt at fisken trivast bra i Ecomerden.

- Fisken trivst fordi vi har moglegheit til å legge til rette for god fiskevelferd gjennom optimale oksygenverdiar til ei kvar tid. Vi registrerer heller ingen skadelege CO2- eller ammonium-verdiar så fisken har tilnærma perfekte levevilkår gjennom heile produksjonen i lukka anlegg. Etter at vi fekk kamera i merden og kunne sjå fisken sin oppførsel under vatn, styrka dette vår oppfatning av god fiskevelferd og trivsel hjå laksen i Ecomerden.

Nokre av dei positive erfaringane dei listar:

  • Moglegheit til å perfeksjonere levevilkåra og vasskvaliteten til fisken gjennom heile opphaldet i lukka merd.
  • Straumforhold rundt nota påverkar ikkje produksjonen slik som i opne anlegg.
  • God kontroll på fôring med kamera og partikkelutskiller i glas.

Nokre utfordringar dei har erfart knytt til produksjon i den lukka merden:

  • Vanskelegare å røkte fisken grunna tilkomst til sjølve nota inni merda ved tørking og trenging.
  • Meir sårbar produksjon ved tekniske problem som t.d. ved straumbrot.
  • Fleire tekniske utfordringar enn ved vanleg produksjon. For optimal fiskevelferd er ein avhengig av at alt utstyr verkar 100% heile tida.