Krista Kļaviņa er nyeste tilskot i Hauge Aqua teamet. Foto: Hauge Aqua.
Krista Kļaviņa er nyeste tilskot i Hauge Aqua teamet. Foto: Hauge Aqua.

Ny ingeniør i Hauge Aqua

 Krista Kļaviņa (32) er Hauge Aquas nye ingeniør for energi og miljøteknikk. Hovudoppgåva hennar er å gjere teknologien vår så berekraftig som mogeleg.

Publisert

Hauge Aqua skriv på LinkedIn at Krista Kļaviņa (32) er Hauge Aquas nye ingeniør, og kjem frå Latvia, og har mastergrad i miljøvitskap og miljøteknikk. Som konsulent innan miljøteknikk har ho jobba mest med energisystem og ressursar på land, men har no satt kursen mot havbruk. 

- Egget er ei brikke som må passe inn i framtidas sirkulærøkonomi, og det får eg jobba mot. Val av energiløysingar, lågt energiforbruk og optimalisering, ansvarleg ressursforvaltning og omsorg for miljøet, er avgjerande, fortel Krista, og legg til: 

- Egget er eit draumeprosjekt som løyser fleire av dei største problema innan fiskeoppdrett. Eit liv skal ikkje gå ut over eit anna. Laksen utanfor Egget skal ikkje lida eller få det verre, men betre, seier Krista.