Frå flåten på lokalitet Ospeneset, frå venstre, Knut Frode og Sondre Eide. Foto: Eide Fjordbruk.

Jubler over fire nye løyver

Eide Fjordbruk AS og Fyllingsnes Fisk AS melder at dei etter semje med staten fått tilsegn om fire nye matfiskløyve. Dagleg leiar Knut Frode Eide er glad for at den langvarige tvisten med staten er løyst og at selskapa er styrka

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Tvisten starta våren 2009 då Fiskeridirektoratet lyste ut nye matfiskløyve for laks og aure i Hordaland. Eide Fjordbruk AS og Fyllingsnes Fisk AS søkte om løyve.

Søknadane vart avslått. Eide Fjordbruk AS og Fyllingsnes Fisk AS klaga, men avslaga vart oppretthalde. Selskapa reiste sak mot staten fordi dei meinte avslaga var urette.

Lokalitet Langøy. Foto: Eide Fjordbruk.

Gulating lagmannsrett avsa dom 17. desember 2014. Lagmannsretten slo fast at det var feil å avslå søknadane. Slutninga går ut på at avslaga var ugyldige og at selskapa hadde krav på erstatning frå staten. Det vart avklart i mars 2015 at anken frå staten ikkje slapp inn i Høgsterett.

Det har vore ført lange og konstruktive forhandlingar som til slutt løyste saka. Løysinga er god for selskapa og det er etterlengta med ei avklaring av ei sak som har versert i nesten sju år.

Det var Advokatfirmaet Harris med advokatane Christian Schadenberg Mathiassen og Gerd Aaland Fagerli som prosederte saka for domstolane. Saman med dei har advokat Grunde Bruland frå Wikborg Rein vore Eide sin rådgjevar i tvisten og forhandlingane.

Løyva vil skapa etterlengta distriktsarbeidsplasser i Hordaland. Ikkje berre i Eide konsernet, men også i tilstøytane næringar. Selskapa vil ha trong for fleire tilsette og meir eigna areal for å vidareutvikla matproduksjonen i sjø på ei god måte.

Eide Fjordbruk har som visjon: ”Me skal dyrka sjøen for å auka moglegheitene til framtidige generasjonar» og ynskjer å bidra til ei berekraftig utviklinga av verda sin matproduksjon ved å produsera sunn mat i sjø.