Ove Gjerde i kjend stil, alltid smilande og glad. Samfunnskontakten døyde brått natt til torsdag. Foto: Eide Fjordbruk.

Ove Gjerde har gått bort

Samfunnskontakt Ove Gjerde i Eide Fjordbruk og mangeårig Alsaker Fjordbruk-tilsett har gått bort. Etter kort tids sjukdom døyde han på Haukeland Sjukehus, der han fekk behandling for aggressiv kreftsjukdom.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Den alltid smilande og glade samfunnskontakten frå Fitjar gjekk bort natt til torsdag førre veke. Han sovna stille inn med dei næraste rundt seg. Ove var i mange år samfunnskontakt i Alsaker-konsernet, men i år starta han på nye utfordringar og eventyr som ny kommunikasjon- og samfunnskontakt for Eide Fjordbruk, som held til i Eikelandsosen i Hordaland.

- Kom brått på

Samfunnskontakt Ove Gjerde sovna stille inn natt til torsdag etter kreftsjukdommen brått råka han. Foto: Alsaker Fjordbruk.

- Det er eit stort tap for bedrifta og for oss tilsette. Dette er forferdeleg trist og kom veldig brått på oss, seier Knut Frode Eide, dagleg leiar i Eide Fjordbruk.

Gjerde har vore svært aktiv dei siste månedane med møter om nye setjefisk-planar og søknadar om utviklingsløyver, til han brått vart sjuk for kort tid sidan. Han vart raskt innlagt på Haukeland, der han har undergått ei tøff kreftbehandling.

Unge Gjerde

Unge Gjerde som han sjølv alltid kalla seg, er ein kjend mann i bransjen. Arbeidsgiver Knut Frode Eide og sonen Sondre, beskriver han som kunnskapsrik.

- Han har ikkje arbeida lenge for oss, men me følte me kjende han godt. Han har betydd mykje for oss, og våre tankar går til dei næraste og familien, seier dei to til kyst.no.

Saka om Ove si bortgong er publisert etter samtykke frå kona Gro.

Gravferda vert i Fitjar kyrkje fyrstkomande torsdag 9. juni klokka 11.00.