![Lokaliteten Hågårdsneset på Snilstveitøy tilhøyrande Eide Fjordbruk, er i dag godkjent for ein mtb på 2340, noko oppdrettselskapet har søkt om at skal aukast til 3600. Foto: Eide Fjordbruk.](https://image.kyst.no/604458.jpg?imageId=604458&width=960&height=632&format=jpg)
Vil auke MTB på alle lokalitetar i Hardanger
Eide Fjordbruk ynskjer å auke biomassen på deira fire lokalitetar i Kvinnherad, for å nytte selskapet sin samla konsern-MTB, og fleire i kommunen er positive til søknaden.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Selskapet har søkt om å auke MTB på lokalitetane Brandaskuta, Hisdalen, Hågårdsneset og Hondskår som alle ligg sentralt i Hardangerfjorden, i området rundt Varaldsøy og Rosendal.
- Søknadane vart sendt inn i juli 2017, og er no ute på høyring. Det er bakgrunnen for at Kvinnherad kommune har handsama desse sakene no, fortel samfunnskontakt Tor Johannes Hjertnes til Kyst.no.
![Samfunnskontakt Tor Johannes Hjertnes i Eide Fjordbruk, seier dei no har søkt om å få auka biomassen på selskapets fire lokaliteter i Kvinnherad. Foto: Privat.](https://image.kyst.no/314513.jpg?imageId=314513&width=960&height=770&format=jpg)
Han påpeikar at selskapet treng auka lokalitetskapasitet for å nytte selskapet sin samla konsern-MTB.
- På sikt vil me også setja ut postsmolt frå Ænes Inkubator. Ved bruk av postsmolt vert det sett ut større fisk med kortare produksjonstid i sjø.
5000 tonn auke
Eide Fjordbruk har fire lokaliteter i Hardanger, og på kvar av desse har dei søkt om å auka MTBen frå 2340 til 3600 tonn, samla 5040 tonn auke.
- I dag må me slakte ut fisk tidlegare enn ynskjeleg for at me ikkje skal overstige det lokaliteten er godkjent for. Ved auka lokalitets-MTB kan me produsere fisk med meir optimal slaktevekt, og få større fleksibilitet i forhold til slaktetidspunkt. Me har drive desse fire lokalitetane i mange år med svært gode resultat, seier Hjertnes.
- Resultata av MOM-B undersøkingane viser også at lokalitetane har tålt produksjonen godt, legg han til.
Samrøystes formannskap
Lokalavisa Kvinnheringen (krever pålogging) skriv at eit nesten samrøystes formannskap støtta rådmannen si innstilling om å gi positive uttalar til Eide Fjordbruk sine søknadar om å få auka biomassen på lokalitetane. Men ikkje utan ein viss tvil og diskusjon.
Då formannskapet skulle behandla saka onsdag i førre veke, innleia Leif Sverre Enes (H) at saka handlar om å la fisk veksa seg større i éin lokalitet før ein slaktar, mot at ein tar ned produksjonen eller brakklegg ein annan lokalitet.
Hans Inge Myrvold (Sp) tolka Eide Fjordbruk sine søknadar som eit forsøk på å møta lakselusproblematikken, og Sølvi Ulvenes (H) viste òg til at oppdrettsnæringa stadig jobbar med å bøta på miljøutfordringar. Rådmannen sine innstillingar om å støtta alle søknadane blei vedtekne mot berre Svein Ingvald Opdal (MDG) si røyst, skriv avisa.
Les også:
- Eide Fjordbruk påklager avslag nr 2 innen utviklingstillatelser
- Masteroppgave ble til utviklingskonsept