![Gjengen på synfaring. F.v. Arve Søreide (Østerbø Maskin AS), Per Bessesen og Frode Johansson – begge fra Endúr Sjøsterk AS. Foto: Endúr Sjøsterk AS.](https://image.kyst.no/367380.jpg?imageId=367380&width=960&height=642&format=jpg)
Ni strømaggregat til fôrflåtar
Ein stor og viktig installasjonsjobb for Østerbø denne våren resulterar i strømaggregat i tre nye fôrflåtar til Nordlaks levert av Endúr Sjøsterk AS. - Dette er nesten så vi kan rope 3 x 3 hurra for, seier Arve Søreide hos Østerbø Maskin AS.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det er totalt installert 3 x 3 strømaggregat i støydempa kapsling, sies det i en pressemelding. Hver flåte har fått installert to store aggregat samt eitt lite til nattdrift. Dyktige fagfolk frå Østerbø har jobba hardt siste vekene for å få alt klart med installasjon og avkastkanalar.
- Sjekk dei nydelege detaljane i metallarbeidet, seier salsleiar aggregat Arve Søreide hos Østerbø Maskin AS i en pressemelding.
Han legger til at strømforsyning til havbruk er noe som de liker å jobbe med.
- Akkurat denne installasjonen er ei løysing som er dimensjonert for det variable forbruket vi ser slike forflåtar har, seier han.
![Det er tre slike flåtar som no blir leverte med Østerbø strømaggregat. Foto: Endúr Sjøsterk AS.](https://image.kyst.no/367311.jpg?imageId=367311&width=960&height=1280&format=jpg)
Stor og viktig jobb
Leveransen frå Østerbø på kvar flåte er 1 x 45 kVA og 2 x 200 kVA strømaggregat frå Himoinsa, samt installasjon av aggregat og avkastkanalar, eksos og diesel ombord i flåtane. Strømaggregata er sett i synk og vekslar saumlaust alt etter strømbehovet til flåten, både mellom aggregata og eventuell landstrøm.
- Dette er eit prosjekt med ein verdi på fleire millionar, så det seier seg sjølv at dette er ein viktig jobb for Østerbø. Berre i arbeidstimar passerar vi nok tusen timar. Vi takkar så mykje for tilliten og gratulerer Nordlaks Produkter AS med tre flotte nye flåtar frå Endúr Sjøsterk AS, avsluttar Søreide.