Svein-Eivind Gilje er dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett. Foto: Privat

Vil dyrka tare ved lakseanlegg

Engesund Fiskeoppdrett søkjer om dispensasjon til å driva tareoppdrett ved lakselokaliteten Laberget i Masfjorden. - Tareoppdrett vil ha eit potensiale for å bli ein ny ressurs for kysten, meinar Svein-Eivin Gilje, dagleg leiar i selskapet. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Føremålet med dispensasjonen er ifølgje kommunen at oppdrettaren skal kunne søkje om ein FOU-konsesjon der han skal produsera laks i kombinasjon med tare. Dei skal då nytte lokalitet Laberget og har trong for eit produksjonsareal på heile 10 hektar ekstra til tare. Noko av det trengte arealet fell utanfor dagens løyve.

- Tareoppdrett vil ha eit potensiale for å bli ein ny ressurs for kysten, meinar Gilje.

- Samstundes vil vi kunne nyttegjere oss av næringssalta frå fiskeproduksjonen på ein god måte. Integrert akvakultur blir ei vidareutvikling av dagens oppdrettsteknologi, forklarar han til kyst.no.

Få merknader frå forvaltning

Søknaden har no vore på høyring med følgande konklusjonar:

- Fiskeridirektoratet kan ikkje sjå at søknad om dispensasjon for forsøk med dyrking av tare ved lokalitet Laberget vil kome vesentlig til hinder for fiske. Det er ikkje registrert særskilde fiskeriinteresser i sjøområdet der tareeinheter er planlagt lagt ut, og vi har såleis ingen vidare merknader til søknaden, skriv Fiskeridirektoratet region Vest.

- Etter Kystverkets vurdering vil ikkje ei utviding av akvakulturområdet som omsøkt utgjere nok hinder for vanleg og pårekneleg skipstrafikk i området. Vi har såleis ikkje merknader til at søknad om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel blir imøtekomen, skriv Knut Stenevik frå Kysverket

Privatpersonar har likevel kome med motstridande høyringsinnlegg der dei meiner taren vil være til hinder for fiske. Også Rådmannen frarår dispensasjon frå kommuneplanen.

- Rådmannen rår frå at søknaden om dispensasjon vert godkjend avdi ein konsekvens av eit utvida område vil føra med seg ein auke av bandlegging av strandsona. Dette bør ålmenheita få seia noko om på førehand og då gjennom revisjon av eksisterande kommuneplan.

Næringssamarbeid 

Gilje fortel at tareproduksjonen/testinga i Masfjorden vil vera ein del av eit større forskingsprosjekt der Engesund Fiskeoppdrett saman med Sulefisk og Osland Havbru,k vil teste ut taredyrking ved ulike oppdrettslokalitetar.

- Gjennom eit grundig og omfattande forskingsarbeid, ynskjer ein å avklare fordelar og ulemper som både fisken og taren kan ha av denne driftsforma, informerar han.

Rådmann Svein Helge Hoflundsengen i Masfjorden kummune fortel til kyst.no at saka endå kan ta tid før den er ferdig behandla.

- Grunna ekstra informasjon vart saka utsett i formannskapet til den tiande februar, opplysar Hoflundsengen.