Lokaliteten Laberget ligg i Austfjorden, i Masfjorden kommune. Illustrasjon: Baretnswatch.

Vil utvide lokalitet i Masfjorden

Engesund Fiskeoppdrett AS skor seg for vekst, og har sendt inn søknad om løyve til utviding av anlegg i Masfjorden kommune.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Selskapet har sendt inn søknad om løyve til utviding av anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure på lokaliteten Laberget i Austfjorden i Masfjorden kommune. Der ynskjer dei og auka MTBen frå 780 tonn til 2340 tonn.

Samfunnkontakt Kjetil Hestad i Engesund Fiskeoppdrett opplyser at dei ynskjer å auke MTBen på lokaliteten Laberget i Masfjorden. Foto: Therese Soltveit. 

Kjetil Hestad, samfunnskontakt i Engesund Fiskeoppdrett fortel dei vil veksa.

- Me ynskjer rett å slett meir MTB for å drive meir lønsamt. Ikkje minst vil me sko oss for framtida, fortel samfunnskontakten.

Han påpeikar at det er få som driftar kun ein MTB på 780 tonn på ein lokalitet, at selskapet difor har søkt om utvidinga.

- Å drifta berre ein MTB er veldig kostbart.  Produksjonen må bli meir hensiktsmessig for oss. Vi må sjå fram i tid, og gjere lokaliteten meir lønsam ved å få på plass meir volum, opplyser han.

Nyleg vart det kjent at Masfjorden har dårlege oksygennivå og dårlig utskiftning av "botnvatnet" i fjorden, men Hestad seier at Laberget ligg utanfor dette området.

- Lokaliteten ligg ved Fensfjorden. Å auke produksjonen her skal ikkje vere noko problem slik vi ser det, seier Hestad.

Selskapet søkjer også om å få klarert areal for utlegging av fire 160 metringar, samt ein fôrflåte i nordraustre del av anlegget. Ny plassering og nye produksjonseiningar medfører at det vert endringar i fortøyingsarrangementet. Samla overflate areal for anlegget vil vera omlag 45 dekar.

Søknaden er lagt ut for gjennomsyn på kommunehuset fram til 24.04.2017.