Gisle Andre Enstad, Helge Bårdsen og Svein Eivind Gilje frå Engesund Fiskeoppdrett er alle særs nøgde med å få på plass nytt fjernfôringsstudio. Foto: Stein Erik Gilje.

- Fjernfôringsstudio på plass

Engesund Fiskeoppdrett fekk denne veka på plass eit flunkande nytt fjernfôringsstudio (FUNN) installert på deira landbase i Fitjar. Dette er berre ei av fleire investeringar selskapet har gjennomført i år.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dagleg leiar Svein Eivind Gilje er særs nøgd med å få på plass fjernfôringsstudioet, og vonar det gjev ytterlegare kontroll i laksemerdane.

- Me valde å installere fôringssystemet då mange oppdrettarar har delt positive erfaringar frå dette, fortel Gilje til kyst.no.

Engesund Fiskeoppdrett har fire løyver for oppdrett av laks og regnbogeaure. Ei ordinær løyve, ei visningsløyve, ei såkalla mørkegrøn løyve frå gruppe C og nyleg fekk dei og på plass ei FoU-løyve.

Dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett, Svein Eivind Gilje. Foto: Stein Erik Gilje.

Studioet er installert i Engesund Fiskeoppdrett sin landbase i det gamle meieribygget i Fitjar Sentrum, og med dette får dei no full innsikt i alle laksemerdane som driftast både i Fitjar og Masfjorden kommune.

- Til saman opererer ein 28 merdar frå kontrollrommet og me vonar at ved å bruke dette, får me spesialiserte fôrarar samstundes som me effektiviserar fôringa, fortel den daglege leiaren.

Endrar drifta

Gilje vonar også at oppdrettaren på merdkanten skal få meir tid til fysisk arbeid.

- Drifta på anlegget vil verte noko endra då ein får brukt all tid på røkting, daudfiskhandtering, reinsefisk, luseteljing, vedlikehald, med meir. I tillegg til at det er mange som skal fraktast til og frå anlegga er det ganske travelt, fortel han.

Korleis drifta i selskapet vert framover er førebels ikkje "skrive i stein".

- Me prøvar oss litt fram, og byrjar med å innføre ei veke på fôring etterfulgt av to veker med andre oppgåver. Normalt køyrer me tolv dagars turnus, informerar han.

Selskapet har og installert eit radiosikkerheitssystem frå FUNN samstundes med kontrollrommet.

- Alle går no rundt med radioar slik at ein til kvar tid kan ha oversikt over kor folk er. Skulle nokon gå på sjøen har radioen også ein integrert vass-sensor som er kopla opp mot ein redningssentral, informerar han.

Fem fiks mot lus

Selskapet har også investert i fem ikkje-medikamentelle tiltak som dei strategisk set inn for førebygging av lakselus på alle lokalitetar.

– Me brukar aktivt storsmolt, reinsefisk, undervannsfôring, kameraovervåking, og luseskjørt. Ved behov for avlusing brukar me også Thermolicer. Mekanisk avlusing har fungert veldig bra for oss, men me har ikkje investert i ein sjølv. Det er meir enn nok tilgong på å leie av naboar eller driftsselskap, seier Gilje.

Luseskjørta går fra fem til åtte meter, og fisken vert overvåka kontinuerlig med kamera frå det nye studioet.

- Eg har verkeleg trua på kombinasjonen med subfeeder/undervassfôring og kameraovervåking. Ein får eit godt innblikk i korleis fisken har det, samstundes som fisken går lågare i merda, som igjen kan bidra til mindre lusepåslag.

- Påslaget av lus kjem utruleg kjapt, og då nyttar det ikkje å slappe av. Me må jobba for å holde lusetala nede heile tida. Fokuset vårt er på ikkje-medikamentelle metodar. Medikament er nærmast utfasa og me jobbar kontinuerlig med å bidra til ein miljømessig god profil, konkluderar han.