Firda Seafood opna i 2022 nytt filetanlegg på Byrknesøy.

- Slepp prodfisken fri!

Riksmedia har fanga opp at eksport av prodfisk er delvis ulovleg, og at det skjer brot på dette regelverket. Dette stiller opplagt næringa i eit suspekt lys. Det kjem i lita grad fram at eit stort volum av nedklassa fisk går lovleg ut av landet, og at dette er konkurransevridande. Ei likebehandling er på sin plass. 

Inntil nyleg var der eit totalforbod mot å eksportere nedklassa fisk, utan at han var feilretta i Norge. Typiske grunnar til nedklassing frå superior til produksjon, er sår i skinnet eler andre synlege skadar. Det er ingen fare forbunden med å ete denne fisken, men argumentasjonen for å pålegge bearbeiding i Norge, var opprinneleg at ein ville unngå at skada fisk skulle dukke opp ute hos konsumentane. Dette ville vere ei utholing av kvalitetsnorma, og ei svekking av statusen til superior norsk laks og aure.

Når mange har slått ring om denne regelen, er det ingen tvil om at råstofftilgangen for norsk foredlingsindustri har vore eit viktig motiv. Desse bedriftene har hatt monopol på denne fisken, inntil det vart gjeve dispensasjon til Norwegian Gannet for å kunne eksportere prodfisk gjennom sin fabrikk i Danmark.

Firda Seafood sitt filetanlegg

Denne dispensasjonen har synt seg som ein betydeleg konkurransefordel, fordi utanlandsk foredlingsindustri er svært interesserte i å få hand om denne fisken. Dei veit og å lage gode produkt av han, og baserer seg på konsumentane sine ynskjer, akkurat som oss. Prisane ein oppnår ute er langt betre enn i Norge, til tider 18-20 kroner pr. kg. Dette medfører og at mykje superior fisk går ut av landet til pakking i same slengen, som fylgje av ei kryss-subsidiering frå prodfisken.

Firda Seafood opna i 2022 nytt filetanlegg på Byrknesøy, og er på alle måtar ein supporter av norsk foredling og meirverdi av fisken som blir produsert her. Men å pålegge ein betydeleg underpris for å selje til norsk industri, er ikkje verdiskaping. Det er sjølvsagt og slik at heile næringa må jobbe for minst mogleg nedklassing, og at invasjonen av perlesnormanet har vore med og skapt ein topp som ingen kunne føresjå, langt mindre ynskje seg. Prodfisk skal vere eit marginalt produkt, ikkje eit støttehjul. Vi har meir lyst til å konkurrere om all fisk, på like vilkår. 

Vi trur dei fleste vil sjå at det er ein utprega ubalanse i den situasjonen som er no. Dispensasjon til ein einsleg aktør er utprega konkurransevridande, samstundes som forsvaret for eksportforbodet er stadig meir proteksjonistisk fundert. Med den store skilnaden i pris heime og utanlands, subsidierer ein både dei som har lov å eksportere, og den norske industrien. Det er på tide å la prodfisken bli omfatta av likskap for lova.