Ulrik Ulriksen Foto: Steen-Hansen.

3 millioner i støtte til Steen-Hansen

Impregneringsprodusenten melder at Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 20,1 millionar kroner til nye forskingsprosjekt i landsdelen. - Industribedrifta Steen-Hansen AS i Bergen kommune er blant aktørane som får millionstøtte, skriv dei.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) vedtok i går å løyve 20,1 millionar kroner til forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Tildelinga omfattar 15,9 millionar i støtte til gjennomføring av seks større forskingsprosjekt og kvalifiseringsstøtte på 4,2 millionar til vidareutvikling av ni spennande prosjekt som er i startfasen.

- Prosjekta som får støtte i denne tildelingsrunden, får alle god vurdering frå ekspertpanel oppnemnte av Noregs forskingsråd. Dei har klar regional forankring og tar utgangspunkt i regionale fortrinn og problemstillingar. Prosjekta har difor potensial til å gi positive bidrag til innovasjon og verdiskaping i landsdelen. Eg meiner dette viser at dei regionale forskingsfonda har blitt ein viktig del av forskingsinfrastrukturen i Noreg, seier Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Rogaland og styreleiar for RFF Vestlandet

Vil redusere smitterisikoen i oppdrettsnæringa

Industribedrifta Steen-Hansen AS i Bergen får inntil tre millionar kroner til å forske på nye metodar og produkt som kan redusere risikoen for sjukdomsutbrot hjå oppdrettsfisk som skuldast smitte frå organismar som festar seg på nøtene i oppdrettsanlegga.

Ved oppdrettsanlegg fører høg førekomst av næringssalt ofte til groing av blant anna algar, spøkelseskreps og filtrerande organismar som blåskjel, nesledyr og sjøpung. Dette har ikkje berre negativ innverknad på vasskvalitet og -gjennomstrøyming i nøtene, men kan også utgjere betydeleg smitterisiko for oppdrettsfisken. Tidlegare undersøkingar viser mellom anna at groeorganismar kan fungere som eit reservoar for amøbar som kan framkalle amøbegjellesjukdom – ein sjukdom som har vore ei stor utfordring for oppdrettsnæringa på Vestlandet dei siste åra.

I prosjektet skal ein mellom anna kartlegge smittestoffar i groeorganismar på utvalde oppdrettsanlegg og dokumentere smitterisiko og smittevegar frå groeorganisme til fisk. Det er også eit viktig mål å utvikle nye produkt for nótimpregnering som er meir miljøvennlege enn dei vi har i dag og som er særleg retta mot groetypar som utgjer spesifikk smitterisiko for oppdrettslaks på Vestlandet.

- Skal vi sikre berekraftig produksjon av oppdrettsfisk på Vestlandet, må vi blir betre til å førebygge sjukdom i oppdrettsanlegga. Derfor er det viktig at vi får både meir kunnskap om smittevegar og smittereservoar og betre metodar for å hindre at kjente risikoar fører til utbrot, seier Tengesdal.

Steen-Hansen AS har med seg Universitetet i Bergen, UNI Research AS og Stiftelsen Industrilaboratoriet som partnarar i forskingsprosjektet.