Vedlegg i ulukkesrapporten.

Mogleg feil på utstyr førte til personskade

Det var mannskapet på MS «Garm» som var uheldige i byrjinga av mars.

Publisert Sist oppdatert

Ein person vart skadd. 

Ifølgje ulukkesrapporten skjedde hendinga i samband med tømming av not ved bruk av oppblåsbare kulerekker.

Her står det at dei kunne høyra luftsus frå kulerekkja og at endestykket losna. Endestykket trefte ein av dei involverte. Operasjonen haldt fram etter ei statusavklaring. 

MS «Garm»

I rapporten skriv dei:

"eier av oppblåsbar kulerekke, vår oppdragsgiver, har stanset bruk av denne inntil årsaken til hendelsen blir avklart."

Det vart då avklart at det ikkje var for mykje luft i de oppblåsbare flyteelementa i samsvar med instruksjonsboka. 

Oppdragsgjevar skal undersøkja om det kan vera feil på produkt eller om det kan vera andre årsaker til hendinga, skriv dei i rapporten.

- Har de konkludert med kva som har skjedd?

- Me held dialogen med oppdragsgjevar, men det er ikkje ein konklusjon på kva som er årsaka til hendinga per no. Saka vert følgt opp, fortel, driftsleiar i Frøy Silje Larssen til Skipsrevyen.