Illustrasjonsfoto Lokaliteten Langøy i Fensfjorden Lindås kommune. Foto Tom N. Pedersen.

Færre avvik ved matfiskanlegga i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte hausten 2017 ein større tilsynsaksjon ved 17 matfiskeanlegg. Fleire anlegg som har hatt tilsyn tidlegare, viste store forbetringar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det vart ikkje gitt avvik på rammevilkår, men mange avvik på miljømål, rutinar og risikovurderingar. Det melder Fylkesmannen i Hordaland på sine nettsider. 

- På tre av anlegga vi kontrollerte fann vi ingen avvik. Dette gjaldt Tysnes Fjordbruk, Sjøtroll Havbruk og NRS Feøy AS. Ingen av dei kontrollerte anlegga hadde brot på rammevilkåra i utsleppsløyvene, men vi fann mange avvik for manglande miljømål, rutinar og miljørisikovurderingar. Det mangla særleg skriftlege mål for miljøtilstand i resipienten og miljømål knytt til risikovurderinga, skriv dei.

- Vi fann og manglar ved vurdering av risiko av eigne utslepp, mogleg påverknad på sjøbotnen under anlegget og resipienten som heilskap, og handlingsplan for å redusere risikoen. Sjølv om skriftlege mål og vurderingar mangla, hadde mange oppdrettarar mykje kunnskap og fokus på eigne utslepp.

Fylkesmannen fann langt færre avvik knytt til drift, driftsrutinar, avfallshandtering og substitusjonsvurdering enn sist tilsynsrunde på matfiskanlegga i 2011. Alle verksemdene var kjent med og følgde ny standard NS9410 som vart revidert i 2016. Det vart gitt varsel om pålegg om prøvetaking av kopar for fire av lokalitetane.

Mykje av det som vart gitt som avvik ved tilsynsaksjonen på matfiskanleggai i 2011 og 2012 var retta.

Artikkelen fortsetjer under. 

Mange oppdrettarar har delteke i ryddeaksjonar

Mange oppdrettarar har stilt med ressursar i dei lokale ryddeaksjonane som er gjennomført siste året. Oppdrettarane hadde gode rutinar for oppsamling av avfall ute på anlegga, der vind og uver kan vere utfordringar. Det var få avvik når det gjeld avfall. Dei avvika som vart gitt gjaldt manglande dokumentasjon for levering av farleg avfall.

Tilsyn fører til forbetringar

Aksjonen var ei oppfølging av tilsynsaksjonen i 2011. I dei tilfella der vi tidlegare har hatt tilsyn ved same verksemda, var det oftast vore store forbetringar. Dette tyder på at tilsyna har god effekt ved at oppdrettarane forbetrar internkontrollen og rutinane.

Tilsyn med internkontrollen for å redusere forureining

Målet med tilsyn er at oppdrettsanlegga ikkje skal føre til uakseptabel forureining av fjordane. Tema for denne aksjonen var internkontroll og risikovurderingar, inkludert bruk av kjemikal og legemiddel. Leiinga si oppfølging av miljøarbeidet, og drift og vedlikehald av utslippsrelatert utstyr var også tema. I tillegg vart det sett fokus på utslepp av kopar frå høgtrykkspyling av nøter, framandstoff i fôr, handtering av avfall, forsøpling og mikroplast, og oppfølging av bruk av revidert standard NS 9410.

Lokalititetar og storleik

Av dei totalt 316 akvakulturlokalitetane i Hordaland er 166 for matfiskoppdrett av laks og aure. Dette talet inkluderer visnings- og forskingsanlegg. Konsesjonane er eigde av totalt 32 ulike aksjeselskap, men fleire av desse er dotterselskap under andre aktørar. Vi reknar med at det er kring 20 ulike selskap i fylket som står for drifta på desse lokalitetane. Dei fire minste selskapa disponerer ein konsernbiomasse (MTB) på 1 560 tonn, medan den største aktøren disponerer ein konsernbiomasse på 48 880 tonn.

Sjølv om utviklinga i næringa dei siste åra har gått i retning av at verksemdene ønskjer færre men større lokalitetar, har vi i Hordaland framleis mange lokalitetar med liten lokalitets-biomasse (MTB). I snitt har anlegga, eller lokalitetane, ein lokalitetsbiomasse på 2 696 tonn.

Utslepp frå matfiskeanlegg

Oppdrettsanlegg i sjø har utslepp av fôrrestar, ekskrement frå fisk, kopar frå impregnerte nøter, mikroplast frå fôrslangar, nøter og tauverk, og utslepp av andre kjemikal, inkludert legemidlar, som påverkar det marine miljøet. Sjenerande lukt kan kome frå fôrlagring og ved reingjering og vasking av nøter. Støy frå fôring, notvask og båttrafikk, og lys frå anlegget eller båtar kan vere sjenerande for nærmiljøet.

Opne oppdrettsanlegg i sjø har ikkje reinsing, men er basert på at utsleppa vert fortynna og omsett i resipienten. Utsleppa må difor ikkje vere større enn det naturen klarer å omsetje etter kvart. Lukt, støy og lys skal reduserast av omsyn til nærmiljøet.

Ei ung næring der ny kunnskap kjem etter kvart

Havbruksnæringa er enno ei ung næring. Regelverket som styrer næringa er heile tida under endring etter kvart som ny kunnskap om utslepp kjem til. Fokus på kva som er miljøutfordringane flyttar seg over tid. Ei stor utfordring er utslepp av framandstoff og kjemikal. På 80 talet var det antibakterielle middel. Vi har vore gjennom ein periode med store utslepp av kjemikal knytt til kampen mot lakselus. I den siste tida har vi fått auka merksemd på utslepp av mikroplast frå slitasje på plastkonstruksjonane, utslepp av framandstoff som følgjer med fôret og utslepp av kopar frå impregnerte nøter.