WTO – ei livbøye for Noreg

- Sjømatnæringa er letta over at det etter tunge forhandlingar vart semje om ei erklæring på WTO sitt ministermøte i Nairobi, seier adm. direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– Den globale utviklinga gjer at sjømatnæringa meir enn nokon gong er avhengig av at WTO framleis kan vera eit instrument for framtidsretta handelsregelverk, og ein garanti mot einsidige handelstiltak, understreker Ystmark.

Noreg står utan handelsavtalar med dei seks største økonomiane og dei største regionale samanslutningane i verda.

– Med TTP og TTIP på plass vil 60 prosent av verdshandelen skje innanfor eit system Norge ikkje er deltakar i. Det er ein alvorleg situasjon for norske sjømatbedrifter som eksporterar meir enn 95 prosent av alle sine varer, seier Ystmark.

Sjømat Norge gir ros til Regjeringa for forhandlingsviljen som er vist på dette møtet, og som reflekterer at Noreg er avhengig av eit sterkt multilateralt regelverk.

Innhaldet i ministerklæringa frå møtet inkluderer områder som eksportstøtte på landbruksprodukt, import av varer frå minst utvikla land, handel innanfor informasjonsteknologi m.m.

– Det mest sentrale for sjømatnæringa er likevel at ministererklæringa frå Nairobi gjev retningslinjer for det vidare arbeidet i WTO og forpliktar medlemmane til framleis å føre forhandlingar om mellom anna handel med industrivarer, inkludert fisk og fiskvarer og regelverk, herunder regelverket for antidumping, seier Ystmark.